About this role
Vil du leie nokre av dei mest spanande bru- og infrastrukturprosjekta på Vestlandet?Leirvik AS har dei siste åra levert fleire viktige infrastrukturprosjekt, mellom anna Hangarbrua til Statens vegvesen, og nylig Marinebroen for GC Rieber i Bergen. No arbeider vi med Grøttabrua for Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi ser ein aukande aktivitet innan marknadsområdet Infrastruktur og søkjer no ein erfaren og engasjert prosjektleiar som vil vere med å forme framtidas prosjekt saman med oss.Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i planlegging, gjennomføring og oppfølging av komplekse prosjekt, frå kontraktsgjennomgang til overlevering. Du vil samarbeide tett med kundar, leverandørar og interne fagmiljø, og bidra til vidare vekst og utvikling innan infrastrukturområdet.