About this role
Vi søkjer ringevikarar til dei kommunale barnehagane i Klepp kommune, både for korte og lengre vikariat. Vi leitar etter ein påliteleg, samarbeidsvillig og ansvarsbevisst person som ønskjer å vere ringevikar hos oss. Som vikar vil du vere ein viktig ressurs i kvardagen, og du må trivast med å møte nye barn og vaksne – ofte på kort varsel. Vi set stor pris på fleksibilitet, gode samarbeidsevner og ei profesjonell tilnærming til både små og store oppgåver. Arbeidsmengda vil variere frå veke til veke, avhengig av behovet i barnehagen. Nokre veker kan du få mange vakter, medan andre veker kan vere rolegare. Før oppstart må du leggje fram politiattest av nyare dato. Dette er ikkje ei ordinær stillingsutlysing. Du vil få ei stadfesting på at vi har motteke søknaden din, men det blir ikkje sendt ut avslag. Arbeidsoppgåver Delta i det daglege arbeidet på avdelinga Bidra til omsorg, leik og aktivitetar for barna Støtte barna i rutinar som måltid, påkledning og kviletid Medverke til eit trygt og godt miljø Utføre praktiske oppgåver etter behov Kvalifikasjonar Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav Evne til å skape tryggleik og gode relasjonar til både barn og vaksne Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit inkluderande arbeidsmiljø Fleksibel og tilgjengeleg på kort varsel Ansvarsbevisst, strukturert og påliteleg God norsk munnleg framstillingsevne. Du bør ha bestått språktest B1. Personleg eigna for arbeid i barnehage Kan tilpasse seg ulike avdelingar, arbeidsoppgåver og behov Evne til å handtere ein aktiv og variert kvardag Ha fylt 18 år Personlege eigenskapar Har ein trygg og roleg framtoning i møte med barn Evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit positivt miljø Løysingsorientert og i stand til å handtere uventa situasjonar Fleksibel og tilpassingsdyktig i ein variert arbeidskvardag Strukturert og ansvarsbevisst Sjølvstendig, men også god til å samarbeide Motivert for å bidra der behovet er størst Stabil og påliteleg i oppmøte og arbeidsutføring Stillinga krever politiattest ved ansettelse Vi tilbyr Lønn etter tariff og ansiennitet. KontaktinformasjonMonika Schrøder, Personalkonsulent, +47 40201836 ArbeidsstadBedriftsvegen 4 4353 KLEPP STASJON Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5056044128 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.