Now hiring

Vikar for lærarar og miljøarbeidarar i grunnskulane i Bømlo kommune @ TENESTEKONTORET BØMLO KOMMUNE

Norway (NO0A2)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bømlo kommune har behov for tilkallingsvikarar for både undervisningspersonale (lærarar) og miljøarbeidarar (assistentar) i grunnskulane gjennom skuleåret 2025/2026. Kommunen må etter Opplæringslova § 17-7 leggja til rette for at skulane har tilgang på vikarar, og denne stillingsutlysinga vil fungera som ein «vikarpool». Vikarbehovet oppstår ofte på kort varsel og variera mellom skulane. Det kan òg bli aktuelt med tilsetjing i kortare vikariat. Om skulane Det er åtte grunnskular i Bømlo. Fem av desse er barneskular, ein er rein ungdomsskule og to er kombinerte barne- og ungdomsskular. Storleiken varierer frå ca 75 elevar på dei minste skulane, til ca 350 elevar på dei største. Fleire opplysningar om grunnskulane og kontaktopplysningar finn du på skulane si heimeside: Skulane i Bømlo Søknadsprosess: Me tek i mot søknader fortløpande. Du vil i søknaden få spørsmål om kva type vikarstilling (lærar/assistent) du søkjer og om du er interessert i kortare vikariat. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av den einskilde skule då alle rektorane vil ha oversikt over inkomne søknadar. Arbeidsoppgåver Lærarvikar: Undervisning i ulike fag på alle trinn i grunnskulen. Miljøarbeidar: Følgje opp elevar i skule, og ha ansvar for gruppeaktivitetar på SFO. Kvalifikasjonar For stillingane som lærarvikar og miljøarbeidar søkjer me høvesvis etter kvalifiserte lærarar og fagarbeidarar innan helse og oppvekst. Andre med relevant utdanning, fagkompetanse eller erfaring kan òg vere aktuelle. Me vil særskilt oppmode studentar i lærarutdanning til å søkje. Personar som ikkje fyller kompetansekrava kan òg vere aktuelle som tilkallingsvikarar. Gode norske språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg, er nødvendig. Personlege eigenskapar Trygg og tydeleg i møte med barn og unge. Gode samarbeids- og formidlingsevner. Evne til å arbeide sjølvstendig og i team. Raus og fleksibel. I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon. Me tilbyr Varierte og meiningsfulle oppgåver i ein flott kommune. Faglege og personlege utfordringar. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilbod om medlemskap i velferdsklubb med tilsettegoder. Løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk. Andre opplysingar Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd. Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. Offentleg søkarliste vert oppretta. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast (Offentleglova § 25). Høyrest dette ut som noko for deg? Send søkna den din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga, kontakt rektorar på dei skulane du ynsker å vera vikar på. KontaktinformasjonMaryann Kristiansen Steinsbø, Rektor v/Gilje skule, 992 77 987 Olaug Norenes Hovda, Rektor v/Våge skule, 404 64 340 Torunn Hatlevik , Rektor v/Hillestveit skule, 934 61 743 Tone Osestad Baugstø, Rektor v/Rubbestadneset skule, 990 34 994 Katrine Hausberg, Rektor v/Meling skule, 958 35 391 Joakim Lund, Rektor v/Moster skule, 930 08 438 Kari Østensen, Rektor v/ Svortland skule, 993 86 606 Christin Klubben, Rektor v/Bremnes ungdomsskule, 957 74 456 Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5040553570 Stillingsprosent: 0% Vikar Om arbeidsgiveren: Berekraftige Bømlo! Me i Bømlo kommune er stolte av å bu og jobba på ein plass der natur, næringsliv og kultur går hand i hand. Kommunen vår har om lag 12 500 innbyggjarar, og ligg midt mellom Stavanger og Bergen – i hjarta av Sunnhordland. Her finn du eit aktivt næringsliv med vekt på grøn teknologi, eit rikt kulturliv og eit mangfald av lag og organisasjonar. Alt dette gjer Bømlo til ein levande og attraktiv stad å bu, leva og arbeida. Kven er me? Bømlo kommune har om lag 800 årsverk. Me er utviklingsorienterte og jobbar saman for å skapa ei berekraftig samfunnsutvikling. Me legg vekt på samarbeid, innovasjon og det grøne skiftet. Våre tilsette er den viktigaste ressursen me har – og me ser etter folk som er rause, modige og engasjerte. Kva får du hos oss? Trygg pensjonsordning: Som tilsett får du ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet – offentleg tenestepensjon. Den varer heile livet, ikkje berre i 10 år slik som mange private ordningar. I tillegg får du uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Gode medlemsfordelar: Med pensjonsrett hos oss får du medlemspris og gunstige vilkår på bank, forsikring og spareprodukt. Forsikringsordningar: Me tilbyr gode forsikringsordningar som omfattar yrkesskade, ulykke og fritid – slik at du kan kjenna deg trygg både på jobb og heime. Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får høve til å vera med og forma framtida til Bømlo.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores