Now hiring

Støttekontakt @ KLEPP KOMMUNE HELSE OG VELFERD ETATSADMINISTRASJON

Norway (NO0A1)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Tenesteområde helse og velferd i Klepp kommune søker utadvendte og ansvarsbevisste personar til støttekontaktoppdrag for barn, ungdom eller vaksne med ulike utfordringar. Dette er ikkje ei vanleg utlyst stilling der ein er garantert svar eller avslagsbrev, men ein stad du kan visa du er interessert for oppdrag og kor fagansvarleg for støttekontaktordning og leiar for Miljøtenesta med visse mellomrom er innom og leiter etter nye støttekontaktar. I periodar er behovet for godkjente støttekontaktar større enn andre periodar og vi er derfor avhengig av å opparbeide oss en «bank» med ledige støttekontaktar. Dette betyr at du kan bli kalla inn til intervju, men får kanskje ikkje oppdrag med det same. Arbeidsoppgåver En støttekontakt er ein ven, ledsager og motivator for at personer som treng det, skal komme seg ut på fritidsaktiviteter saman med andre Et oppdrag er oftast på 2-3 timer per veke Du må ha evne til å gi eit planlagt og gi eit forutsigbart tilbod. Alle oppdrag er individuelt tilpassa Nokre gonger vert støttekontakttenesta gitt som gruppe tilbod - og det er behov for ein person som kan å lede eit gruppetilbod Kvalifikasjonar Du er god på kommunikasjon. Du forstår og snakkar godt norsk og har god kjennskap til norsk kultur. Minimum nivå B1 Vi er opptatt av at oppdraget skal vere meiningsfylt for deg og den du er støttekontakt for. Opplæring vil bli gitt Politiattest vert kravd. Det er ønskeleg med sertifikat og bil. Attester og vitnemål Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet. Personlege eigenskapar Vi søker personar som er interessert i å jobbe med menneske og som er gode på å skape gode relasjonar Du ønskjer å bidra til at personar som treng det, skal få ei aktiv og kjekk fritid Du er kreativ, strukturert og god til å planlegge aktivitetar i samarbeid med tenestemottakar. Det er ein fordel å ha kjennskap til fritidstilboda i Klepp og omliggjande kommunar. Vi tilbyr Du vil få eigen rettleiar Opplæring og rettleiing i oppdraget Lønn og utgiftsdekning etter gjeldande satsar for Klepp kommune Ta kontakt med fagansvarleg for tenesta på mobil 47254583 dersom du lurer på noko KontaktinformasjonElin Kristine Trosterud, Fagleder, +47 47254583, [email protected] ArbeidsstadOlav Hålands Veg 9 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5062479594 Stillingsprosent: 0% Engasjement Søknadsfrist: 31.12.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores