About this role
Har du lyst å jobbe med barn i ein spanande kommune? Vi treng tilkallingsvikarar i barnehagane i Herøy kommune, for fråvær som kan oppstå fortløpande. Vi søker engasjerte og omsorgsfulle tilkallingsvikarar der du får moglegheita til å vere ein viktig del av kvardagen til barna der leik og læring står i sentrum. Arbeidsoppgåver Arbeide med barn i tråd med lov, forskrift og lokal rammeplan Utføre praktiske oppgåver både ute og inne Kvalifikasjonar Evne til å skape gode relasjonar til barn og vaksne God på samhandling og kommunikasjon Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting. Personlege eigenskapar Evne til å skape gode relasjonar til barn og vaksne God på samhandling og kommunikasjon Har gode kommunikasjonsferdigheiter Er ansvarsbevisst Vi tilbyr ein spennande, variert og meiningsfylt arbeidskvardag der barna si utvikling står i sentrum eit inkluderande og godt arbeidsmiljø heilskapleg tenking i og rundt pedagogiske opplegg samarbeid og lærande fellesskap Vi tilset etter gjeldane tariffavtale, lover og reglement. KontaktinformasjonElisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299 ArbeidsstadRådhusgata 7 6090 Fosnavåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5044763828 Stillingsprosent: 0% Anna Startdato: 09.03.2026 Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske. Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time. Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !