About this role
Tilkallingsvikar assistentar i skule, kantine og internat. Arbeidsoppgåver Som tilkallingsvikar vil du bli ein viktig ressurs når det er behov for ekstra hjelp ved sjukefråvær, ferieavvikling eller i travle periodar. Du får varierte arbeidsoppgåver og jobbar tett saman med eit hyggeleg og inkluderande team. Arbeidsoppgåver: - tilberedning av enkle varme og kalde matrettar - servering og kundebehandling - betjening av kasse og varepåfylling - rydding, oppvask og reinhald av kantineområdet - sikre gode hygienerutinar i tråd med gjeldande regelverk Kvalifikasjonar- erfaring frå kantine, kjøkken eller servicearbeid er ein fordel, men ikkje eit krav - du er serviceinnstilt og trivs med å jobbe med menneske - god hygiene og evne til å jobbe strukturert - kan ta vakter på kort varsel - gode norskkunnskaparPersonlege eigenskapar Vi ser etter deg som: -er positiv, fleksibel og påliteleg - jobbar godt både sjølvstendig og i team - møter elevar, tilsette og gjester med eit smil - bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr - hyggeleg arbeidsmiljø - varierte arbeidsoppgåver - opplæring blir gitt - arbeidstider etter behov Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som blir tilsett må levere gyldig politiattest. KontaktinformasjonCamilla Kjellbotn, arbeidsleiar kantine, +47 99335147, [email protected] ArbeidsstadGjermundnesvegen 200 6392 Vikebukt Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5031769412 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026 Om arbeidsgiveren: Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Om skolen (gjermundnes.vgs.no) Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet. Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging. Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.