Now hiring

Stipendiat i barnevernsarbeid ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) @ UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSKE FAKULTET

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat i barnevernsarbeid. Åremålet er på fire år. Stillinga er finansiert av UiB og vil i utgangspunktet vere knytt til forskningsgruppa Barnevern, likeverd og inkludering (BLI). Oppstart i stillinga er seinast januar 2027. HEMIL er eit tverrfagleg institutt som driv forsking og masterprogram på fagfelta barnevernsarbeid, helsefremjande arbeid og global utvikling. Instituttet er en del av Alrek Helseklynge ved Universitetet i Bergen (uib.no): Alrek helseklynge Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Forskingsprosjektet skal generere kunnskap som kan vere av betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Relevans kan vere teoretisk, empirisk og/eller metodologisk. Prosjektet kan vere grunnforsking og treng ikkje vere anvendt forsking. Prosjektet skal byggje på kvalitative metodar og må liggje innanfor eitt eller fleire av følgjande tematiske område: Problemstillingar knytt til mangfald, likeverd, inkludering og tilhøyrsel, til dømes relatert til kulturell og sosial bakgrunn, migrasjon, språk, funksjonsvariasjonar, kjønn, seksuell orientering og/eller andre minoritetsposisjonar. Tema knytt til inkluderings- og ekskluderingsmekanismar og -prosessar av betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Tema knytt til tenesteutvikling/innovasjon som kan ha betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Tenesteutvikling/innovasjon kan til dømes vere knytt til velferdsinstansar som barneverntenesta, eller sivilsamfunnsaktivitet. Prosjektet må kvalifisere stipendiaten for opptak til fakultetet si organiserte forskarutdanning. Tilsetjing vil bli gjort på grunnlag av tidlegare utdanningsbakgrunn og akademiske arbeid, samt kvalitet og relevans av søknadsbrev og prosjektskildring. Prosjektskildring skal vere på maks. 5 sider. Forskingsprosjektet til kandidaten skal utviklast og gjennomførast i samråd med minst ein hovudrettleiar frå instituttet. Moglege hovudettleiarar for prosjektet er førsteamanuensis Raquel Herrero-Arias og førsteamanuensis Lill Susann Ynnesdal Haugen . Prosjektet kan vere sjølvstendig eller knytt til rettleiaranes pågåande forsking. Det er ein føresetnad for søknad at søkjar tek tidleg kontakt med ein av dei moglege hovudrettleiarane for å drøfte prosjektidé og fagleg forankring. Endeleg organisering av rettleiarar avklarast ved tilsetjing. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjarar må på søknadstidspunktet ha mastergrad i barnevern/barnevernsarbeid, sosialt arbeid, psykologi eller annan relevant samfunnsvitskapleg mastergrad. Det er normalt krav om karakteren B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga. Arbeidserfaring frå barnevernfeltet vil bli tillagt vekt. Anna arbeidserfaring knytt til unge og familiar i utsette livssituasjonar er òg relevant. Det er ei føremon å kunne dokumentere gode forskareigenskapar og/eller kunnskap relatert til prosjektskildringa, til dømes gjennom masteroppgåva og/eller anna forsking/publikasjonar. Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar, ambisjonar og potensial vil bli lagt vekt på. Søkjarar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk. For stillinga gjeldt følgande: Om stipendiatstillinga: Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremjande arbeid (undervising, rettleiing, sensur, m.m.) som skal bidra til at du kvalifiserer deg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Det karrierefremjande arbeidet innan undervisning vil vere knytt til Masterprogrammet i barnevernsarbeid og Masterprogrammet i global development theory and practice. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen. UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast. Om ph.d.-utdanninga: Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet. Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her . Vi tilbyr: Vi tilbyr: Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Stillinga gjev automatisk lønsutvikling i inntil fire år med 3% årleg stiging. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: Søknadsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga Prosjektskildring (maks. 5 sider, referanseliste kjem i tillegg) CV Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande Stadfesting frå forskningsgruppe og ph.d-rettleiar Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) Relevante attestar Publikasjonsliste og eventuelle andre faglege arbeid Utval av maks 3 vitskapelege publikasjonar, rapportar eller andre faglege arbeider innan forsking og utviklingsaktivitet (FoU) (PDF-format) Vedlegg må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk (attesterte omsetjingar ved behov). Det er søkjaren sitt ansvar å sikre at alle nødvendige dokument er lasta opp innan fristen. Viktig: Søkjarar med utanl

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores