About this role
Eining for plan og teknikk har stadig behov for tilkallingsvikarer som reinhalder. Nissedal kommune har for tida tretten bygg som dagleg skal reingjerast. Til saman er det ti reinhaldarar som kvar dag sikrar fornøgde brukarar. Nissedal kommune søker motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunsengasjerte. Kvalitet i tenastene skapast gjennom godt abeidmiljø og mangfold blant dei tilsette. Reinhalderane jobber både i team på to og to, eller alene. ArbeidsoppgåverReinhald av kommunale bygg.Kvalifikasjonar Ønskede Kvalifikasjonar Fagbrev som reinhaldar, eller god erfaring innan reinhald Førarkort klasse B Eigen transport mellom arbeidsstadar der samkøyring ikkje er mogleg Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt Pålitelig og punktlig Personlege eigenskapar Serviceinnstilt Effektiv God på kommunikasjon Sjølvstendig Fleksibel Ansvarsbevisst Likar variert og fysisk jobb Vi tilbyrTilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. Anna: Ved tilsetting blir det stilt krav om politiatestKontaktinformasjonIvar Ståle Hågensen, Avdelingsleiar Ivar Ståle Hågensen, +47 477 60 234 ArbeidsstadTreungvegen 398 3855 Treungen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5050713444 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.08.2026 Om arbeidsgiveren: Nissedal – der gode liv levast Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø. Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt. Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast. Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25. Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav. Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.