About this role
Vil du ha ein jobb som verkeleg betyr noko? Bli tilkallingsvikar i miljøtenesta! Midt-Telemark kommune søkjer deg som vil bruke tid, omsorg og engasjement på menneske som treng det – og få ein meiningsfull jobb tilbake. Hos oss jobbar du tett på menneske – barn og vaksne med nedsett funksjonsevne – og bidreg til gode dagar fylt med meistring, trivsel og utvikling. Ingen dagar er heilt like, og du får både utfordringar, glede og verdifulle erfaringar. Kvifor velje oss? Ein jobb som gir ekte meining Du blir kjent med flotte brukarar og gode kollegaer Perfekt som ekstrajobb eller erfaring innan helse og sosial Gode moglegheiter for læring og utvikling Her treng vi deg: Bufellesskapa: Solbakken Grauteknapp Notevarp Grivihaugen Arbeidsoppgåver Kva går jobben ut på? Og du blir ein viktig del av kvardagen til bebuarane våre: Hjelpe med daglege gjeremål Skape trygge og gode rammer Bidra til meiningsfulle aktivitetar Jobbe målretta med miljøarbeid Arbeidstid er variert (dag, kveld, natt og langvakter). Kvalifikasjonar Ønska kvalifikasjonar/kompetanse: Helsefagarbeider, vernepleier, anna helse og sosialfagleg utdanning Ønskelig med erfaring frå miljøarbeidarbeid retta mot barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne. Særskilde krav: Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Skal framvisast før oppstart i stilling. Førarkort kl. B Personlege eigenskapar Du treng ikkje vere «ferdig utlært» – det viktigaste er kven du er: Duer trygg, tolmodig og til å stole på Du har lyst til å hjelpe andre Du held roen også når det blir utfordrande Du kommuniserer godt med både brukarar og kollegaer Vi tilbyr Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonTorunn Hesthag, Einingsleiar, +47 45438072 ArbeidsstadSkrivarvegen 2B 3810 Gvarv Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5134491417 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.