Now hiring

Overlege psykiatri @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF DPS NORDMØRE/ROMSDAL DØGNSEKSJON MOLDE

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig fast stilling for overlege i psykiatri frå snarast. Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. Vi har 2 overlegestillingar, 2 psykologspesialiststillingar, fysioterapeut, 1 sosionom, 4 LIS, sjukepleiarar, vernepleiarar og hjelpepleiarar jobbar miljøterapeutisk i tett samarbeid med behandlarpersonell. Vi er tverrfagleg samansatt og tilstreber ein høg fagleg profil. Vi har eit eineståande arbeidsmiljø, og dette gjenspeiler heile seksjonen og behandlinga som vi tilbyr pasientane våre. Vi gler oss til å møte deg som skal bli vår nye kollega! Ta kontakt med seksjonsleiar for nærmare informasjon. Arbeidsoppgåver Behandling, diagnostisering og utgreiing av pasientar Individual terapi og pårørendesamtalar Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester Deltaking i kvalitetsforbetringssarbeid Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta og legar i spesialisering Vidareutvikling av behandlingstilbodet Deltaking i vaktordning Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Godkjent norsk spesialist innan psykiatri LIS som nærmar seg fullført spesialisering kan også vere aktuell for stillinga Erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri Ønskjeleg med brei klinisk erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern, og/eller rusfeltet og arbeidserfaring frå sengepostar innan vaksenpsykiatrien Må meistre norsk munnleg og skriftleg godt Personlege eigenskapar Du har gode samarbeidsevner Du har gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer Du er fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevist Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljøer Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Tilrettelegging for fagleg utvikling Varierte og spennande arbeidsoppgåver Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år som spesialist Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her KontaktinformasjonTor Nygaard, Avdelingssjef, [email protected] ArbeidsstadNøisomhedvegen 12 6416 MOLDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5125259539 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores