About this role
Kinn kommune søker ein byggesakshandsamar i eit års vikariat frå 1 november 2026. Stillinga er på avdeling for arealforvalting og byggesak. Valfri kontorplass er Måløy eller Florø. Ansvarsområdet for denne avdelinga omfattar tenester som plan og byggesak, oppmåling, kart- og geodata, landbruksforvaltning samt natur- og miljøforvaltning. Det er idag 23 ansatte på avdelinga. Vi har varierte arbeidsoppgåver med faglege utfordringar som krever høg kompetanse. Godt samarbeid og kunnskapsdeling mellom fagområda står sentralt i det daglege arbeidet. Dette gjev gode moglegheiter for fagleg utvikling. Hos oss får du høve til å vere med på utviklinga av ein spanande kommune med stort potensiale for vekst Arbeidsoppgåver Som saksbehandlar hjå oss vil du få jobbe med desse oppgåvene: Byggesaks- og klagebehandling Dispensasjonsbehandling Delesaker Førehandskonferansar med søkarar Andre oppgåver innan fagfeltet Kvalifikasjonar Bachelor innan ingeniørfag, planfag, jus eller andre relevante fag Relevant erfaring fra heile eller delar av ansvarsområdet til stillinga kan kompensere for utdanningskravet Gode IT-kunnskapar Kunnskap om Plan- og bygningsloven er ein fordel Relevant praksis frå offentleg eller privat sektor er ynskjeleg Du beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg Erfaring frå kundebehandling er ein fordel Personlege eigenskapar Du må ha integritet og være ansvarsbevisst Du er analytisk, strukturert, og kan løyse komplekse problemstillingar Du likar å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer Du må trivs med høgt arbeidstempo og ha evne til å takle endringar Personleg egnetheit for stillinga blir tillagt stor vekt Stillinga krev mykje kundekontakt og du må trivs med å følge opp publikum Vi tilbyr Ei interessant stilling med muligheiter for karriereutvikling Eit raust og triveleg arbeidsmiljø Eit godt kollegialt fellesskap med mykje arbeidsglede og godt humør Løn og arbeidsvilkår i henhald til tariffavtale og lokale lønnspolitiske retningsliner Dekning av flytteutgifter etter kommunalt reglement Kommunal pensjons- og forsikringsordning KontaktinformasjonLeni Marie Lisæter, Plansjef i Kinn, +47 99029461 ArbeidsstadMarkegata 51 6905 Florø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5140131011 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 31.10.2027 Søknadsfrist: 05.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vår visjon: I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.