About this role
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Institutt for klinisk og biologisk psykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % karrierefremmande arbeid (undervisning, rettleiing, sensur m.m.). Stillinga er finansiert av UiB. Arbeidsstad for stillinga er i Bergen. Oppstart i stillinga er seinast januar 2027. Institutt for klinisk og biologisk psykologi er eitt av fire institutt ved Det psykologiske fakultet og har omfattande fagleg aktivitet knytt til forsking og undervising innan klinisk psykologi, biologisk psykologi, nevrovitskap og logopedi. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Instituttet vil nytte universitetsstipendiatstillinga til å styrke forskingsområda ved instituttet. Prosjektet må ha eit tema som instituttet kan tilby rettleiing i, og dreie seg om anvendt forsking eller basalforsking med klinisk relevans innan psykologi eller logopedi. Forskingsprosjektet til stipendiaten må utviklast og gjennomførast i samarbeid med ein aktuell hovudrettleiar ved instituttet. Som søkjar bør du så tidleg som mogleg ta kontakt med aktuelle vitskapleg tilsette ved instituttet, eller du kan ta kontakt med instituttleiar, som kan vise deg til relevante kontaktpersonar. Stipendiaten blir delaktig i fag- og forskingsmiljøet ved instituttet. Dersom du vil søke på stillinga, må du ta kontakt med potensiell rettleiar eller forskingsgruppe, og utvikle ei prosjektskisse ( sjå programskildringa for ph.d.-programmet for krav til prosjektskisse ) Tilsetting som stipendiat skjer på grunnlag av tidlegare utdanning, erfaring frå forsking og undervisning i høgare utdanning, eventuelle vitskaplege arbeid og kvaliteten på prosjektplanen for doktorgradsprosjektet. Sjølve forskingsprosjektet kandidaten søker om, vil bli vidareutvikla i samråd med rettleiarar og forskingsgruppe. Stipendiaten vil bidra inn i undervisinga ved eitt eller fleire av studieprogramma ved instituttet: masterprogram i logopedi, profesjonsstudiet i psykologi, masterprogram i psykologi (studieretning åtferd og nevrovitskap), bachelorprogram i psykologi og årsstudiet i psykologi Kvalifikasjonar og eigenskapar: Kvalifikasjonar og eigenskapar Du må: på søknadstidspunktet ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i psykologi (inkludert cand.psychol.), logopedi, nevrovitskap eller eit anna relevant fagområde frå oppstart i stillinga kunne bidra i undervisnings- og formidlingsaktivitet på norsk eller eit anna skandinavisk språk kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg ha gode kunnskapar i norsk eller anna skandinavisk språk, spesielt dersom forskingsprosjektet krev det (i til dømes datainnsamling) Du bør: kunne dokumentere forskareigenskapar, til dømes gjennom masteroppgåva/andre større oppgåver og/eller gjennom andre forskingsarbeid/publikasjonar. ha erfaring frå (ulike) forskingsmetodar som kan nyttast i forskingsprosjektet ha motivasjon for å bidra i undervising og fagleg utvikling ved instituttet. Erfaring med undervisning vil bli positivt vektlagd Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva for opptak i ph.d.-programmet ved fakultetet. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Sjølve tilsettingsprosessen, inkludert intervju av aktuelle søkarar, vil gå føre seg på norsk. Arbeidsstaden for stillinga er i Bergen, og ein føreset at ein er til stades ved Institutt for klinisk og biologisk psykologi. Instituttet vil gje arbeidsplass i eitt av dei to bygga instituttet held til i, avhengig av kvar rettleiar/fagmiljø har sin hovudarbeidsplass (Alrek helseklynge eller Bygg for biologiske basalfag). For stillinga gjeldt følgande: Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid ved instituttet (bl.a. undervisningsaktivitet) som skal bidra til at du kvalifiserer deg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast. Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på tre år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga og av prosjektskissa vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet. Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her. Vi tilbyr: Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Stillinga gjev automatisk lønsutvikling i inntil fire år med 3 % årleg stiging. Dersom du har spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga Prosjektskisse (maks 10 sider inkl. referanseliste). Stadfesting frå ph.d-rettleiar og forskingsgruppe Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. CV Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller