Now hiring

Ulvik søkjer sjukepleiarar! @ ULVIK OMSORGSTUN

Norway (NO0A2)OnsiteFull-timePosted 26 days ago

Opens on the employer's site

About this role

På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite, tett fagmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kvalitet. Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen. Om stillinga På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite, tett fagmiljø med tett samarbeid og høg fagleg kvalitet. Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen. Oppgåver Fagleg ansvar for vurderingar, tiltak og planlegging Kliniske vurderingar, tiltaksplanar og legemiddelhandtering Ansvarsvakt og leiing av team Beredskapsvakt på natt Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø Samhandling med pasientar og pårørande Rettleiing av kollegaer og studentar Kvalifikasjonar Må-krav Autorisasjon som sjukepleiar Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2) Må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4. Ynskja kvalifikasjoner Førarkort klasse B Erfaring frå kommunal helse og omsorgstjeneste Personleg eignaheit vert vektlagt Kven ser me etter? Me ser etter deg som Arbeider sjølvstendig og godt i samarbeid med andre Tek faglege vurderingar i møte med pasientar Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Me tilbyr Årsturnus med moglegheit for påverknad Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver Arbeidsplass i moderne lokale og tilgang til gode tjenestebilar Ein jobb i verdas vakraste bygd Dyktige kollegaer med høg fagleg standard Hos oss får du jobbe i eit lite fagmiljø der ein samarbeider tett, deler kompetanse og utviklar seg fagleg gjennom fagundervisning i turnus og fagdager. Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad etter gjeldande retningslinjer (med 100% dekking av flytteutgifter) Kvifor jobbe hos oss? Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk. Tenestene omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi og ergoterapi, psykisk helse og rus og dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn. Om Ulvik Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger - Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, frukt- og sidertradisjonar og eit rikt kulturliv. Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com) Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell inviterer til friluftsliv heile året. Me er ein Cittaslow- kommune og venskapsby med Greve i Toscana. Heradet tilbyr eit spennande og hyggeleg fagmiljø med gode uviklingsmoglegheiter, og kan hjelpe til med bustad og barnehageplass om du treng det. Ny barnehage opnar hausten 2027. Me er ein av kommunane der du kan få sletta litt av studielånet ditt. Ulvik herad har om lag 1100 innbyggarar og har 180 tilsette. Administrasjonsmålet er nynorsk. vikallar.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores — free
Ulvik søkjer sjukepleiarar! at ULVIK OMSORGSTUN | ResuMinder Jobs