Now hiring

Sjukepleiar, vikariat @ EIDET OMSORGSSENTER

Norway (NO0A3)OnsiteContractPosted 23 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og utvikle omsorgstenestene for framtida? Ønskjer du ein arbeidsplass der samarbeid, fagleg deling og det å løfte kvarandre står sterkt – og der tryggleik, verdigheit og livskvalitet for pasientane alltid kjem først? Då kan Eidet omsorgssenter vere rett stad for deg. Eidet omsorgssenter ligg om lag 20 minutt frå Spjelkavik/Moa-området, og er eit moderne omsorgssenter som stod ferdig i 2017. Senteret består av to avdelingar med totalt 37 plassar, og gir heildøgns omsorg til personar som har behov for avlasting, eller som har demens eller somatisk sjukdom. Vi har felles leiing med heimetenesta i Haram indre, og arbeider målretta saman for å sikre stabil drift, høg fagkompetanse og tenester av best mogleg kvalitet. Eidet omsorgssenter har eige kjøkken, konsulent i resepsjonen og vaktmeister, noko som gir god støtte i det daglege arbeidet. I tillegg har vi kafé/kantine i vekedagane. Turnusordningane våre omfattar dag- og kveldsvakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter på helg med arbeid kvar fjerde helg. Sjukepleiarane hos oss har faste stabsvakter, med vakter fordelt i avdeling. No søkjer vi ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til avdeling 1, som har 15 pasientar. Hos oss blir du ein viktig del av eit arbeidsmiljø som byggjer lag – kvar einaste dag – og der sjukepleiarkompetansen blir verdsett og brukt aktivt i pasientarbeidet. Søkjarar som er i ferd med å fullføre sjukepleiarutdanninga si, er også velkomne til å søkje. Arbeidsoppgåver Sikre at pasientar får helsehjelp og tenester av høg kvalitet i tråd med gjeldande lover og retningslinjer Observasjon, kartlegging, tiltak og dokumentasjon i Helseplattformen Legemiddelhandtering Laboratoriearbeid Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar Bidra til meistring, tryggleik og auka livskvalitet i kvardagen Samarbeid med pårørande og interne/eksterne samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar Relevant erfaring er ein fordel, men vi ønskjer også nyutdanna sjukepleiarar velkomne som søkjarar God munnleg og skriftleg norsk (minimum B2) Grunnleggjande IKT-kompetanse Politattest, MRSA- og TBC‑eigenerklæring vert krevd ved tilsetjing, i tillegg treng du gyldig norsk personnummer/D-nummer. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som er: Trygg, tydeleg og engasjert – med pasienten i fokus Løysingsorientert, fleksibel og positiv til nye utfordringar Sjølvstendig, men også ein god lagspelar Ein som bidreg til fellesskap, stabilitet og eit godt arbeidsmiljø Nytenkjande og endringsvillig Personlege eigenskapar vil bli vektlagd Vi tilbyr Eit fagleg sterkt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidskvardag Gode rutinar, tett samarbeid og kollegaer som gjer kvarandre gode Møtetid i turnus, med internundervisning etter plan Sjukepleiar i stab Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver Løn, pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff Bedriftshelseteneste Gratis parkering og gode kollektivforbindelsar KontaktinformasjonMaria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar avdeling 1, +4791004986, [email protected] Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, [email protected] ArbeidsstadTrolldalssletta 12 6264 Tennfjord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5088307896 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.05.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 19.07.2026 Om arbeidsgiveren: Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores — free
Sjukepleiar, vikariat at EIDET OMSORGSSENTER | ResuMinder Jobs