About this role
Om avdelinga: Avdeling Psykisk helse og rus i Øygarden kommune ligg under kommunalsjefområde Helse og Velferd. RPH/kommunepsykologar består i dag av fem medarbeidarar med tverrfagleg kompetanse av psykologar og vernepleiar. Stundom har vi og studentar i praksis frå ulike bakgrunnar og ein felles leiar. Arbeidsoppgåver: Delta i inntaksteam med å drøfte, vurdere og kartleggje nye klientar for kurs og / eller individualsamtalar. Sjølvstendig tilby og gjennomføre kognitiv terapi i kurs / gruppe / individualterapi. Vere med å halde kurs saman med kollegaer og halde foredrag. Bidra til utvikling av RPH Kvalifikasjonar: Kognitiv terapeut med sjukepleiar eller vernepleier grunnutdanning er ønska, andre faggrupper vil bli vurdert. Må ha: Naudsynt med erfaring frå liknande arbeid Evne til å halde kurs God skriftleg og munnleg framstillingsevne Personlege eigenskapar: Kunne jobbe sjølvstendig og samarbeide godt i team Stor grad av fleksibilitet Løysingsorientert Evne til å jobbe strukturert og målretta Positiv og bidreg til eitt godt arbeidsmiljø Anna: Erfaring med traumebehandling er ønskeleg. Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån Kontakt: Kommunepsykolog Stian Sørheim Espevoll, telefon: 941 61 673 Einingsleiar Therese Helgesen, telefon: 915 29 795 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.