About this role
Som kommune speler me ei sentral rolle i kvardagen og livskvaliteten til innbyggjarane våre. Ansvaret vårt er å leggja til rette for gode og samanhengande tenester som møter menneska der dei er. Årdal er ein teknologikommune med sterke fagmiljø, eit levande lokalsamfunn og nasjonalpark rett utanfor døra. Me trur på styrken i eit inkluderande lokalsamfunn som fundament for livskvalitet, og søkjer deg som vil bidra til at Årdal held fram med å vera ein god stad å veksa opp, leva og bu. Me ser etter ein strategisk, tydeleg og samlande kommunalsjef for oppvekst, frivilligheit og kultur, som ynskjer å delta aktivt i dei omstillingane kommunen står i og ta del i ansvaret for viktige samfunnstenester. I denne sentrale leiarrolla får du ansvar for ein stor og mangfaldig sektor: grunnskule, barnehagar, vaksenopplæring, PPT, barnevern, kulturskule, bibliotek, fritidsklubb, frivilligsentral og idrett. Saman skal me løysa viktige oppgåver – frå førebyggjande arbeid retta mot barn og unge til eit rikt kultur- og fritidsliv for heile lokalsamfunnet. Ansvar og arbeidsoppgåver du har det overordna ansvaret for tenestene innanfor oppvekst, frivilligheit og kultur du inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og har ei sentral rolle i den strategiske utviklinga av kommunen du driv aktivt endrings- og omstillingsarbeid i tråd med kommunen sine demografiske utfordringar du har det overordna resultat-, budsjett-, fag- og personalansvaret du utarbeider avgjerdsgrunnlag og representerer kommunedirektøren i møte med politisk nivå og sørgjer for god informasjon og innsikt begge vegar Din profil Vi ser etter deg som har lyst til å gjere ein skilnad for barn, unge og heile lokalsamfunnet i Årdal. Du er ein leiar som skapar retning og driv utvikling, samstundes som du er til stades, lyttar og byggjer tillit rundt deg. Vidare ser vi for oss at du har relevant høgare utdanning har solid leiarerfaring og kjennskap til kommunal verksemd har gjennomført endringsarbeid og handtert komplekse prosessar byggjer tillit og relasjonar internt og eksternt har god økonomiforståing og evne til å prioritere riktig er utviklingsorientert og ser moglegheitene i digitalisering Kvifor Årdal kommune? Årdal er ein nasjonalparkkommune med sterke fagmiljø, rikt kulturliv og Jotunheimen rett utanfor døra. Her får du ei samfunnsviktig leiarstilling med reelt handlingsrom – der du kan setje retning, sjå konkrete resultat og bidra til heilskapleg utvikling på tvers av tenester Denne rolla er ein samfunnsviktig leiarstilling med stort handlingsrom og moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas tenester. Du blir ein del av kommunen sitt strategiske utviklingsarbeid og får konkurransedyktige vilkår med offentleg tenestepensjon, gode forsikringsordningar, moderne kontorfasilitetar og tilgang til bedriftshytte på Skeikampen. Søknadsfrist: 3.juli – søknader vurderes fortløpende. Ynskjer du mer informasjon om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY ved rådgiverne Sarya Aydilek, tlf. 908 06 003 Registrer og send inn CV og søknad snarest, og husk å legge ved alle relevante attester og vitnemål. Oppstart etter avtale. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !