Now hiring

Teknisk rådgjevar for tilsyn med spreidde avløp @ GLOPPEN KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJONEN

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du være med å bidra til å betre avløpsituasjonen og nærmiljøet i vår region? Tilsynssamarbeidet i Nordfjord leverer tenester til dei 5 kommunane Kinn, Bremanger, Stad, Stryn og Gloppen. Tilsynet jobbar systematisk og målretta for å ivareta viktige samfunnsinteresser. Gloppen er vertskommune, og vi har kontorplass på Sandane. Vi samarbeidar tett ilag med fagmiljøa i alle kommunane. Vi søkjer ein fagleg sterk og engasjert medarbeidar som vil vere med å utvikle og følgje opp arbeidet med spreidde avløpsanlegg. Stillinga omfattar sakshandsaming, rådgjeving og oppfølging av tiltak som skal bidra til betre vassmiljø og berekraftig forvaltning av avløpsløysingar utanfor offentleg avløpsnett. Arbeidsoppgåver Gjennomføre tilsyn med spreidde avløpssystem for å sikre at dei tekniske anlegga overheld miljøstandardar og reguleringar. Sakshandsaming av eigne saker, bidra fagleg til sakshandsaminga elles på avdelinga. Vurdere og dokumentere avløpsanlegg, og gi råd om nødvendige forbetringar. Samarbeide med lokale myndigheiter og eigarar av avløpsanlegg for å fremme beste praksis og miljøomsyn. Rapportere avvik og bistå i å finne pragmatiske løysingar innanfor krava. Delta i prosjektarbeid og opplæringsaktivitetar innanfor fagområdet. Kvalifikasjonar Relevant utdanning som VA-ingeniør eller fagbrev som røyrleggar. Praktisk og teoretisk erfaring med prosjektering og vedlikehald av VA-anlegg. Kjennskap til VA-reguleringar og tekniske standardar. God samarbeidsevne og evne til å løyse tekniske utfordringar. Førarkort personbil. Personlege eigenskapar Engasjert og motivert til å bidra til betre miljøforvaltning og berekraftig samfunnsutvikling. God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne for å bidra til å skape tryggleik og forståing blant innbyggarane. Evne til å arbeide effektivt både sjølvstendig og som ein del av eit team. Evne til å handtere komplekse saker og utfordringar på ein profesjonell måte. Tar initiativ og liker å lære. Vi tilbyr Vi tilbyr ein spennande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø. Du vil få moglegheit til å bidra til samfunnsutviklinga i regionen, hindre unødvendige utslepp og sikre godt vassmiljø i kommunane. Du vil få ein variert arbeidskvardag med kontorarbeid og fysiske tilsyn. Du vil få sjansen til å bli kjent med folk og bransjen i heile regionen og har gode moglegheiter for fagleg utvikling. Lønn etter avtale og fleksibel arbeidstid. KontaktinformasjonAndreas Standal Eikrem, Tenesteleiar tilsynssamarbeid, 909 47 557 ArbeidsstadGrandane 9 6823 SANDANE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5141170643 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.07.2026 Om arbeidsgiveren: Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper. Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores