Now hiring

LIS 2/3 vikariat i fysikalsk medisin og rehabilitering @ HELSE BERGEN HF REHABILITERINGSKLINIKKEN - POLIKLINIKK

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ved Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering har vi ledig eit vikariat i 100% stilling som LIS 2/3. AFMR er lokalisert på Nordås, og er ein del av ReHabiliteringsklinikken. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga. Vi er ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar. Vi ønsker ha deg med i vidareutviklinga av gode tenester. Du får eit variert arbeidsområde med faglege utfordringar. ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar, slik at dei kan oppleve meistring, livskvalitet og eit forbetra funksjonsnivå. Vi arbeider tverrfagleg med komplekse medisinske problemstillingar. Klinikken består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, og er tyngdepunktet for spesialisert habilitering og rehabilitering for vaksne i Helse Vest. Vi samarbeider tett med ulike einingar i spesialisthelstenesta og førstelinjetenesta. AFMR gir tilbod til pasientar med erverva hjerneskade, multitraume, nevrologiske lidingar og skadar, kreft, brannskade, amputasjonar, funksjonelle nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel- og skjelettplager/-smerter m.a. Vi har for tida 16 legar, inkludert LIS. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk. Vi har fleire regionale funksjonar og ein nasjonal funksjon. Klinikken er i ein spanande utviklingsfase med pågåande og planlagde utviklings- og endringsprosessar, m.a. knytt til nybygg og samlokalisering på Nordås i 2028. Arbeidsoppgåver Utgreiing, diagnostisering og behandling på sengepost og i poliklinikk Vurdering av tiltak vidare og dialog med/tilvising til andre instansar Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar Samarbeid i tverrfagleg team Særfagleg og tverrfagleg fagutvikling Kurs, undervising og pasientopplæring LIS deltek i praktisk undervising av medisinarstudentar Inngå i vaktordning Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i fysikalsk medisin og rehabilitering Motivasjon og interesse for tverrfagleg medisinsk rehabilitering Erfaring med målgruppene frå rehabiliteringseining i spesialisthelsetenesta er ein fordel Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Erfaring med og gode evner i forhold til tverrfagleg teamarbeid God kommunikasjon på norsk, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Gode relasjonelle ferdigheiter Evne til målretta arbeid Vilje og evne til nytenking Ønsker å vidareutvikle kompetansen sin og bidra i fagutvikling og forsking Klarer å planlegge og gjennomføre langsiktig tiltak og endringar Takler travle og akutte situasjonar Trivast i eit tverrfagleg miljø Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Arbeider godt både sjølvstendig og i team Personleg egnethet blir vektlagt Vi tilbyr Eit spennade tverrfagleg arbeidsmiljø, høg kvalitet og fokus på kontinuerleg forbetring Veiledning, supervisjon og fagleg kompetanseutvikling i tråd med spesialiseringsløpet Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) Vi oppmoder alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHerborg Tegle, Seksjonsleiar, 468 94 607, [email protected] ArbeidsstadNordåsgrenda 4 5235 Rådal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5132407989 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 24.08.2026 Sluttdato: 24.08.2027 Søknadsfrist: 05.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores