About this role
Om stillinga Vi har no ei spanande stilling i 50-80% for ein engasjert sjukepleiar som ønskjer å arbeide natt, og som vil gje pasientane gode og trygge tenester når resten av verda søv. Hos oss vil du få ein viktig rolle i å sikre kontinuitet, ro og kvalitet i oppfølginga gjennom natta. Arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg og som sjukepleiar vil du få eit funksjonstillegg for arbeid på natt. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg også 10 000 over tariff. Om oss Knarvik sjukeheim er lokalisert sentralt i Knarvik. Stillinga er organisert under avdeling 3 , men på natt vil ein ha arbeidsstad på alle avdelingane ved sjukeheimen. Knarvik sjukeheim har 3 avdelingar: Avdeling 1: Langtidsplass somatisk Avdeling 2: Langtidsplass somatisk og korttidsplassar Avdeling 3: Korttidsplassar For oss er det viktig at alle pasientane får riktige og hensiktsmessige tenester, god pleie og omsorg. På korttidsplassane er det pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. Derfor arbeider vi tverrfagleg, i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Eit viktig fokusområde for når ein arbeider på natt er at vi skal bidra heile døgnet med å følge opp pasienten sine tiltaksplaner, og med det sikre at pasientene får riktig og hensiktsmessige tenester. Avdelinga har eit aktivt miljø og det er viktig at ein kan snu seg fort. Vi har eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøyde. Arbeidsoppgåver Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie på natt, i tråd med gjeldande lovverk og interne rutinar – med pasienten i fokus Vere ein trygg og fagleg støttespelar for kollegaer Sikre godt samarbeid og informasjonsflyt med pårørande og andre tenester, med fokus på gode overgangar mellom dag- og nattarbeid Vere ein aktiv pådrivar for å oppretthalde kvalitet og gode rutinar i pasientoppfølginga Leggje til rette for ro, kvile og tryggleik Følgje opp, evaluere og dokumentere tiltaksplanar, og bidra til god kontinuitet i pasientforløpet gjennom natta Handtere akutte situasjonar og gjere sjølvstendige faglege vurderingar når behov oppstår Kompetanse Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Beherske godt munnleg og skriftleg norsk språk. B2 nivå for sjukepleiarar. Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy. Erfaring frå eldreomsorga er eit føremon Erfaring med nattarbeid er ynskjeleg Kven er du? Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging Ser moglegheiter der andre ser utfordringar Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar Er fleksibel og løysingsorientert Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig. Me tilbyr Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til både pasient og pårørande! Oppfølging og rettleiing Gratis parkering God pensjonsordning i KLP 10 000 over tariff i årsløn Funksjonstillegg på 18 000 i 100% stilling Løn i samsvar med ansiennitet: 522 600 - 614 400 Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Om arbeidsgiveren: Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Såtabu bu-og servicesenter. Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og organisert i sjukeheimstenesta.