Now hiring

Psykologspesialist @ HELSE BERGEN HF KRONSTAD DPS KRONSTAD DØGNBEHANDLING

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar, ein gruppepoliklinikk og ein eigen seksjon for angstbehandling (B4DT). Vi var først ute i området med å etablere ein ordning for tidleg avklaring av pasientar for å sikre rett tilbod til rett pasientar, og hos oss er det erfarne spesialistar som gjer denne jobben. Tidleg Avklaringsteam har bestått av 4 spesialistar, inkludert ein psykiater. Vi skal no erstatte to av våre psykologspesialistar, då ein skal pensjonere seg, og ein ønsker å gå tilbake til poliklinikk. Kvardagen i teamet består av å møte to pasientar der det er uklart kva tilbod dei skal til i eller utanfor spesialisthelseteneste, og om dei har føresetnad for å nyttiggjere seg behandling. Den som blir tilsett har som oppgåve å få klarleik i dette. Kvar dag er det også eit konsensusmøte, der alle i teamet går kort igjennom dagens pasientar og drøftar avgjerder. Øvrig tid går til journalskriving og å lese seg opp på komande pasientar. Fleire i teamet bidrar inn i våre daglege inntaksmøte, og det vil kunne vere aktuelt for dei som får stilling. Det har nyleg vore eit evalueringsarbeid av teamet, og av vår inntaksmodell, som har gitt gode indikasjonar på at teamet gjer godt arbeid, og utgjer ein viktig funksjon for Allmennaksen. Nokon endringar vil likevel kunne kome, då vi alltid er ute etter å forbetre oss. Teamet er organisert under Allmennpoliklinikk 2, men teamets oppgåver er på vegne av alle poliklinikkane i vår allmennakse. Stillingane er ledige frå august. Arbeidsoppgåver DPSane i psykisk helsevern er i utvikling, og den som blir tilsett må rekne med å vere delaktig i denne utviklinga. Vi er opptatt av å gje pasientar rett hjelp til rett tid, å differensiere mellom ulike typar av behandling, og å gje rett omfang av hjelp til den enkelte pasient, samstundes som ein syter for at alle som treng hjelp, får hjelp Dette krev ei viss prioritering av ressursane klinikken styrer over. Spesialistar som er tilsett vil òg måtte ta i vare spesialistansvaret for pasientar der hovudbehandlar ikkje er spesialist. Som universitetsklinikk har vi jamleg studentar i praksis, og i føretaket utdannar vi psykologar og legar i spesialisering. Rettleiing av desse, er ein del av dei arbeidsoppgåvene spesialistane i seksjonen må pårekne. Det kan og påreknast å veilede psykologar i andre seksjoner ved DPSet Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgjevar i nokre tilfelle Hovudoppgåver vil i poliklinikkane vere utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar. Handtering av eigne (poliklinikkens) pasientar akutt er også forventa, deriblant kortvarig behandling/stabilisering gjennom krise, og evnt vidare tilvising til høgare (t.d. døgnpost) Kvalifikasjonar Den som blir tilsett må framlegge norsk autorisasjon som psykolog Den som blir tilsett som psykologspesialist må vere godkjend spesialist i klinisk psykolog med vaksne/spesialist i klinisk psykologi med fordjuping i psykoterapi/erfaren psykolog med kort tid igjen av spesialiseringsløpet. Psykologar med andre spesialitetar kan også vere aktuelle for stillinga etter nærmare vurdering Klinisk erfaring innanfor ein allmennpsykiatrisk/poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg. Språkkunnskapar og ferdigheiter utover norsk vil vere ein fordel Personlege eigenskapar Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde. God fagleg vurderingsevne, og evne til å arbeide målretta og strukturert. Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team blir vurdert som særs viktig. Konsensusmøtet er ment som en arena for å gi og få råd. God evne til skriftlig fremstilling og til å raskt etablere god kontakt, er viktig. Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheitar ser vi på som viktige for ein psykologspesialist hos oss. Du må kunne komme med gode forklaringar på dine vurderingar og konklusjonar Det er ein fordel om en har god kjennskap til kva pasientar som egner seg i hvilke tilbod, og organisering i DPS, kommune og øvrige teneste. Den som blir tilsett må etter ein heilheitsvurdering vera skikka til stillinga Vi tilbyr Stillinga blir løna etter gjeldande overeinskomst Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar Vi kan tilby utfordrande og spennande arbeidsoppgåver Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer både internt i teamet, i poliklinikken og elles på DPSet Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre tenestene vår og kvaliteten på dei. Det vil difor også vere mogleg å delta i kvalitetsforbetring og tenesteutvikling for den som blir tilsett Du kan bli bede om å framlegge godkjende kopiar av vitnemål, autorisasjon og kursbevis. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHelene Charlotte Sande Trønnes, Seksjonsleiar, 45615915, [email protected] ArbeidsstadFjøsangerveien 36 5053 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5135726095 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores