Now hiring

Postdoktorstilling i psykolingvistikk, multilektalitet og språkprosessering @ HØGSKULEN I VOLDA FELLESADMINISTRASJONEN

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda er det ledig ei 3-årig postdoktorstilling. Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Multilectal Individual Differences in Reading (MInDReading): Neurocognitive and Behavioral Effects of Dialect Exposure on Literacy Development, finansiert av Noregs forskingsråd i perioden august 2026–juli 2030. Postdoktorstillinga er ei kvalifiseringsstilling med mål om at den tilsette skal byggje opp ein forskarprofil og bli kvalifisert for stilling som førsteamanuensis. Planlagd oppstart: januar 2027 (oppstart kan avtalast nærare). Den som blir tilsett, blir del av eit aktivt forskingsmiljø i eksperimentell lingvistikk/psykolingvistikk ved Institutt for språk og litteratur. Om prosjektet MInDReading undersøkjer korleis erfaring med nærskylde språkvarietetar påverkar språkprosessering i sanntid ved lytting og lesing. Dette er særleg relevant ved bidialektisme, i møte med skilnader mellom dialekt og skriftspråksnorm og når ein bruker fleire skriftspråk (til dømes nynorsk og bokmål). Prosjektet har tre hovudkomponentar: (i) utvikling og validering av eit føremålstenleg spørjeskjema for å kartleggje individuell multilektal erfaring (bruk av og eksponering for dialektar og skriftspråk), (ii) EEG-studiar som undersøkjer korleis regionalt varierande grammatiske mønster (både mellom dialektar og mellom dialekt og skriftspråk) blir handsama i hjernen ved avkoding av språk, og (iii) blikksporing ved lesing for å måle korleis dei same kontrastane og individuelle skilnader i dialekteksponering påverkar naturleg lesing. Ved å samanlikne kontrollerte grammatiske skilnader mellom dialektområde og mellom munnleg og skriftleg språk, kartlegg MInDReading korleis språkforståing ved lytting og lesing blir påverka av snever, men systematisk variasjon innanfor eitt språk. Prosjektet kastar lys over korleis språkbrukarar handsamar konkurrerande mønster på tvers av modalitetar, og korleis språkbakgrunn og brukserfaring pregar forståingsprosessane. Du finn meir informasjon om prosjektet på https://jadesandstedt.com/mindreading.html . Stillinga vil innebere periodiske forskingsopphald ved samarbeidande institusjonar (til dømes UiT – Noregs arktiske universitet, Universitetet i Oslo og/eller Universitetet i Bergen). Reising må påreknast. Kvalifikasjonar Søkjarar må ha: ph.d. (eller tilsvarande doktorgrad) i lingvistikk eller nærliggjande fagområde (t.d. psykologi, kognitiv vitskap). svært gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk dokumentert erfaring med eksperimentelle og/eller kvantitative tilnærmingar til språkprosessering og/eller språkleg variasjon, dokumentert gjennom fagfellevurderte publikasjonar og/eller vidarekome doktorgradsarbeid Dersom den som blir tilsett ikkje allereie har utdanningsfagleg kompetanse som fyller krava til stilling som førsteamanuensis i Noreg, vil Høgskulen i Volda leggje til rette for at vedkommande opparbeider slik kompetanse i løpet av tilsetjingsperioden. Ønskt kompetanse Vi ser særleg etter søkjarar som kan vise til eitt eller fleire av følgjande: solid publikasjonsliste i psykolingvistikk, nordisk lingvistikk, korpuslingvistikk, sosiolingvistikk eller nærliggjande fagområde erfaring med R (databehandling, visualisering, statistisk modellering) erfaring med eksperimentelle metodar (t.d. blikksporing, EEG og ERP-analysar, sjølvstyrt lesing, taleproduksjon) erfaring frå forsking på multilektalitet/bidialektisme, fleirspråklegheit eller språkleg variasjon erfaring med utforming og validering av spørjeskjema eller anna målearbeid kompetanse i norsk (eller anna skandinavisk språk) Arbeidsfelt Postdoktoren skal mellom anna: bidra til planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av studiar i prosjektet rekruttere og teste deltakarar og gjennomføre praktisk laboratoriearbeid knytt til datainnsamling analysere og formidle resultat gjennom konferansebidrag og vitskaplege publikasjonar ta ei leiande rolle i éin eller fleire delar av prosjektet i tett samarbeid med prosjektleiaren delta i prosjektmøte og samarbeidsaktivitetar med partnarinstitusjonar Vi tilbyr ei fullfinansiert 3-årig postdoktorstilling som er forankra i eit eksternfinansiert forskingsprosjekt med nasjonalt samarbeid og brei metodisk profil eit engasjert fagmiljø og tilgang til relevant forskingsinfrastruktur høve til forskingsopphald ved leiande norske partnarinstitusjonar gratis norskopplæring til eit grunnleggjande nivå (A2) lønn etter statens lønsregulativ kr. 680 00 – 810 00,- Generell informasjon Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen . Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse. Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga. Om søknaden Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din k

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores