Now hiring

Kontaktperson barnevern @ AURLAND KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga og ny interkommunal barnevernsteneste Me søker ein sjølvstendig, engasjert og løysingsorientert kontaktperson i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig med tilsetjing frå snarast. Stillinga er i dag organisert i Aurland og Lærdal barnevern, som er ei avdeling i kommunalområdet oppvekst. Aurland er vertskommune for den eksisterande interkommunale tenesta. Samtidig står vi framfor ei viktig utvikling: Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal etablerer frå 1. januar 2027 ei ny felles barnevernsteneste. Sogndal kommune vert vertskommune, og tenesta vil ha kontorlokasjonar på begge sider av Sognefjorden. Dette gir ei unik moglegheit til å vere med frå starten og bidra aktivt i utviklinga av ei framtidsretta barnevernsteneste. Stillinga vert vidareført i den nye tenesta. Som kontaktperson vil du arbeide med oppfølging av barn, unge og familiar, og samarbeide tett med både interne og eksterne samarbeidspartnarar. Du vil bli del av eit større og styrka fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og erfaringsdeling på tvers av kommunar og tenester. Den nye interkommunale tenesta skal: styrke fagmiljøet sikre likeverdige og gode tenester til barn og familiar legge til rette for betre tverrfagleg samarbeid vere driftsikker og berekraftig over tid Saman skal me bygge ei teneste som gir betre kvalitet, mindre sårbarheit og sterkare kompetanse til beste for barna i regionen. Arbeids- og ansvarsområde Sakshandsaming etter barnevernslova Endringsfokuserte tiltak Utviklingstøttande tiltak Praktisk bistand og oppfølging Samtale med barn/ungdom Kartleggingar Samarbeid med barnet, familiane, relevant privat nettverk og offentlege instansar Deltaking i ulike møter vedkomande barnet og dei føresette Lista er ikkje uttømmande. Me tilbyr Ei meiningsfull rolle der du får moglegheit til å gjere ein vesentleg skilnad i familiane sine liv Eit inkluderande, engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø Løn etter tariff Minimum 6 år tilleggsansiennitet Fleksitid med hovudsakleg dagarbeid Arbeidstida kan tilpassast oppgåver og behov. Noko kvelds- og helgearbeid må reknast med Månadleg rettleiing, jf. strukturert plan for rettleiing Gode pensjons- og forsikringsordningar Eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub) Gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdsordning) Å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære Sjå informasjon om barnehageplass ved å fylje lenka: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI Kvalifikasjonar 3-årig universitets- eller høgskuleutdanning, fortrinnsvis sosialfagleg Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner Me ser etter deg som har Erfaring frå kommunalt og/eller statleg barnevernsarbeid eller tilgrensande tenester / tiltaksarbeid Kompetanse innanfor rettleiing og foreldrestøttande program Nettverksorienterte tilnærmingar Kompetanse i samtaler med barn Minoritetskompetanse Relasjonskompetanse Kompetanse innanfor spe- og småbarn Erfaring i konflikthandtering Digital kompetanse Ferdigheiter innan digitale fagprogram i Modulus (Aurland og Lærdal barnevern) og Visma Flyt barnevern (ny felles barnevernsteneste) Personlege eigenskapar Fagleg engasjert, analytisk og utviklingsorientert Sjølvstendig, ansvarsbevisst og løysningsorientert Lojal, fleksibel og relasjonell Evne til å samarbeide godt i team og bidra til eit positivt arbeidsmiljø Fokus på tverrfagleg samarbeid Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Løns- og tilsetjingsvilkår tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale. politiattest etter barnevernlova må leggast fram innan du byrjar i stillinga Førarkort kl. B / automatgir Krav til språk Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til [email protected] . Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune. Om arbeidsgiveren: Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. De

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores