About this role
Vi søker etter vikar for vår sjukeheimslege i 100 prosents stilling. Vikariatet er for perioden 01.09.26 -31.08.27. Herøy kommune har to sjukeheimar: - ein på Eggesbønes med tre avdelingar - ein i Myrvåg med to avdelingar, der den eine er korttids- og rehabiliteringsavdeling med kommunale akutt døgnplassar Til saman har dei to sjukeheimane 83 plassar. Det er knappe 20 minutt å køyre mellom dei to sjukeheimane. Som sjukeheimslege har du ordinær arbeidstid med 37,5 timar i veka, men delar av stillinga er fleksibel, slik at det også er rom utanom ordinær arbeidstid til å kunne gi råd til avdelingane. Sjukeheimslegestillinga høyrer til avdeling for legeteneste. Herøy kommune har tre legesenter, to kommunale og eit privat med tilsaman 11 fastlegar. Alle almennlegestillingane er besette. Kommuneoverlegen som også er leiar for legetenesta, vil verte næraste leiar. Kommunen er tilknytt Søre Sunnmøre legevakt, som er eit interkommunalt samarbeid om legevakt utanom ordinær arbeidstid. Vårt lokalsjukehus er Volda sjukehus som ligg om lag tre kvarter unna Eggesbønes. Legar med relevant spesialitet vil bli prioriterte for stillinga, men legar i spesialisering er óg velkomne til å søke på stillinga. Som allmennlege i spesialisering vil det bli organisert rettleiing og bakvaktordning slik at ein kan få inntil to år teljande teneste til spesialiteten i allmennmedisin. Planen for legetenesta vår kan du lese meir om her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf Arbeidsoppgåver Medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheimane inkludert kontakt med pårørande og rettleiing av personalet Deltaking i undervisning for personalet Deltaking i overordna systemarbeid og fagutvikling for det medisinske arbeidet i kommunen sine sjukeheimar Deltaking i samhandling med fastlegane og spesialisthelsetenesta Som sjukeheimslege har du ikkje vaktplikt, men du har høve til å ta vakter etter avtale med leiar for legevakta. Ved tilfelle med deltidsstilling som sjukeheimslege, kan denne kombinerast med fastlegeavtale/-stilling. Kvalifikasjonar Du må ha norsk autorisasjon og oppfylle krava i forskrift om kompetansekrav for legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta Det er ein fordel at du har ei relevant spesialistutdanning eller er under slik utdanning Dersom du ikkje har relevant spesialitet, vil vi legge til rette for at du kan fullføre slik utdanning Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting. Personlege eigenskapar Du skal like å arbeide med dei medisinske utfordringane som vi har i geriatrien Du skal kunne gi deg tid med den einskilde, og du skal kunne samhandle med pasienten sine nærståande Du skal like å arbeide i team med fleire faggrupper Du kommuniserer godt med samarbeidspartnarar, som til dømes spesialisthelstenesta Du er fleksibel og oppteken av utviklingsarbeid Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkarane utifrå kompetanse, intervju og referansar. Personlege eigenskapar vert vektlagde. Vi tilbyr Konkurransedyktig fastløn etter kvalifikasjonar Dekking av relevante kurs innanfor vedtekne rammer Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Fleksibel arbeidstid Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Godt organsiert samarbeid mellom dei sju kommunane på Søre Sunnmøre på fleire område, mellom anna faggruppe for sjukeheimslegane Vi vil legge til rette for fagleg utvikling, relevant spesialisering og deltaking i samlingar for sjukeheimslegar. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort. KontaktinformasjonJan Magne Remøy, Kommuneoverlege, +47 41200794 ArbeidsstadEggesbøvegen 11 6092 FOSNAVÅG Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5142929109 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 06.07.2026 Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske. Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time. Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !