About this role
Vil du jobbe i eit fagmiljø med høg kompetanse, god struktur og eit arbeidsmiljø der vi løftar kvarandre? Vi styrkjer laget vårt og har no ledige faste stillingar: Stillingane er knytt til ulike delar av BUAS 2 x 100 % fast stilling som sjukepleiar (2 x 100 ved sone 2) 2 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar (1 x 100 ved sone 2 og 1 x 100 ved institusjon demens) Stillingane er knytt til Sykkylven bu og aktivitetssenter, med arbeid i turnus og arbeid kvar tredje helg. Vi ber om at du presiserer i søknaden kva avdeling du søkjer på. Hos oss får du ein kvardag prega av meistring, fagleg utvikling og meiningsfulle oppgåver. Du får arbeide tett saman med dyktige kollegaer og vere ein viktig ressurs for pasientar og pårørande. Vi legg til rette for at du skal få bruke kompetansen din fullt ut – enten du er sjukepleiar eller helsefagarbeidar. BUAS har eit sterkt fagmiljø med god tverrfagleg kompetanse. I tillegg har eininga ein eigen sjukepleiarstab med 8 sjukepleiarar som støttar avdelingane og bidreg på tvers i organisasjonen. Arbeidsoppgåver Planlegge, prioritere og gje god pleie til pasientar Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar. Autorisasjon som helsefagarbeidar Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). Evne til å halde seg fagleg oppdatert Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer Personlege eigenskapar God munnleg og skriftleg framstillingsevne Vere strukturert og løysingsorientert Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre Vise fagleg engasjement Motivert, serviceinnstilt og fleksibel Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Vi tilbyr Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd KontaktinformasjonWenche Oldeide, Einingsleiar ArbeidsstadHaugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5145094839 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her