Now hiring

Kokk @ SAMMEN MAT & DRIKKE

Norway (NO0A2)OnsiteFull-timePosted 28 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Vil du lage god, sunn og berekraftig mat – og trivast med ein variert arbeidskvardag med både à la carte, buffet og catering? Spise Sammen Sogndal søkjer ein engasjert og sjølvstendig kokk til teamet vårt på campus. Etter ei omfattande oppgradering av serveringstilbodet har vi no eit moderne og variert konsept. Vi tilbyr mellom anna ferskbakt pizza på bestilling frå vårt nye pizzahjørne, eit breitt varmmattilbod med både buffet og middagsrettar, samt eit betydeleg volum av møte- og cateringbestillingar internt på campus. Som kokk hos oss får du ein variert arbeidskvardag med både produksjon, planlegging og gjennomføring av bestillingar. Du vil jobbe tett med kollegaer og leiar for å sikre høg kvalitet og gode matopplevingar for kundane våre. Hos oss får du føreseielege arbeidstider måndag–fredag, sesongbaserte feriar og eit inkluderande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå. Arbeidsoppgåver Produksjon av varm og kald mat til serveringstilbodet Produksjon av pizza i det nye pizzakonseptet vårt Produksjon og klargjering av catering og møtemat Levering og oppfølging av catering på campus ved behov Bidra i dagleg drift og planlegging saman med leiar Salg og service ut til kunde Sikre kvalitet, reinhald og etterleving av IK-mat Bidra til godt samarbeid og eit profesjonelt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar Fagbrev som kokk og minimum 3 års relevant erfaring Erfaring med catering og/eller leveransar er ein fordel Gode kunnskapar om IK-mat / HACCP Beherskar norsk munnleg og skriftleg, samt munnleg engelsk Erfaring med enkle dataverktøy Du er engasjert i faget og har stoltheit for godt handverk Du bidreg til godt samarbeid og trivst med å jobbe i team Du er strukturert og kan jobbe sjølvstendig i ein travel kvardag Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert Du har fokus på kvalitet og god service Arbeidstid og vilkår 100 % stilling – 37,5 t/uke Skift mellom 07:00–18:30 (mandag–fredag) Kveld/helg kan forekomme ved arrangementer Lønn etter tariff Oppstart: August 2026 / eller etter avtale Me tilbyr Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø God opplæring Løn etter tariff Gunstige pensjons- og forsikringsordningar Tilgang til firmahytte på Kvamskogen Betalte fridagar i påske og romjul Om arbeidsgiveren: Studentsamskipnaden på Vestlandet driv bustader, barnehager, treningssentre, kafear, helsetilbod samt karriere- og rådgivningstjenester for 40 000 studentar. Vi er eit sjølvstendig selskap som rapporterer til Kunnskapsdepartementet. Vi skal saman med utdanningsinstitusjonane tilby studentane på Vestlandet eit godt og tilpassa velferdstilbod. Vi er lokalisert i Bergen, Sogndal, Førde, Haugesund og på Stord og har over 500 ansatte som kvar dag jobbar for at studentane skal ha eit godt velferdstilbod. Vår visjon er "Gode studentliv for en ansvarlig fremtid". Verdi: VI BRYR OSS! Saman som organisasjon er oppteken av mangfald, likestilling og inkludering, og vi ønskjer å skape eit arbeidsmiljø der alle skal oppleve at dei har like moglegheiter og føler seg ivaretekne og verdsette.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores — free
Kokk at SAMMEN MAT & DRIKKE | ResuMinder Jobs