About this role
Vi har no ledig tre stillingar ved vår seksjon: 100% vikariat for sjukepleiar/ vernepleiar. Varighet 01.09.26 - 31.12.27 100% vikariat for sjukepleiar/ vernepleiar p.t. på natt. Varighet 15.08.26-31.12.26 100% fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar, p.t. på natt frå 02.11.26 Vi ønskjer oss positive og fagleg dyktige personar som ønskjer å bidra til at vi saman skal kunne tilby pasientane våre den beste behandlinga når dei kjem til oss. Som ein del av spesialisthelsetenesta verdset vi kompetanse og fagleg dyktigheit. Vi ønskjer oss kollegaer som er personleg eigna til å jobbe med vår pasientgruppe. Som eit tverrfagleg team ønskjer vi å tilby pasientane våre eit behandlingstilbod som er i tråd med våre kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt. Dersom du kjenner deg igjen i skildringa over, så håper vi at du sender oss ein søknad. Arbeidsoppgåver Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak Obligatorisk kursing og trening i MAP Delta aktivt i seksjonen si utvikling Legemiddelhandtering Stillingane inneber turnusarbeid Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. Vidareutdanning innan psykiatri vil vere ein fordel. Det er ønskjeleg med erfaring frå psykisk helsearbeid, rus eller anna relevant arbeid, men det er ikkje eit krav Søkjarar med anna aktuell helsefagleg utdanning kan bli vurdert til stillinga Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar Førarkort kl. B er ønskeleg Personlege eigenskapar Denne jobben kan tidvis vere krevjande kjenslemessig så det er viktig å vere ærleg mot seg sjølv og melde sitt behov om du skulle føle for at nokon ser deg og kan bistå slik at du får den støtte og rettleiing du treng. I det daglege arbeidet vil du jobbe tett på menneske som har tøffe historier med seg og som slit med seinskadar av dette, og det forventar vi at du toler å stå i. Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne si avgrensning, og nok styrke til å trå til når det trengst Du er nysgjerrig på fagfeltet, tør å stille spørsmål og er komfortabel med å bringe dine synspunkt inn til diskusjon med dine kollegaer Vi jobbar i eit hektisk miljø og vi er avhengige av å ha tilsette som kan ta ei utfordring på sparket, og stole på seg sjølv Du er positiv, ein god relasjonsbyggar og løysingsorientert slik at vi kan samarbeide godt både i eigen seksjon og på tvers med andre yrkesgrupper og andre samarbeidspartnarar Du har stor arbeidskapasitet og god fysisk og psykisk helse då vi tidvis har pasientarbeid som er krevjande Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi oppmodar spesielt menn til å søkje. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her . Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her. Kontaktinformasjon Ingrid Ølander, Seksjonsleiar, [email protected] Arbeidssted Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5137944884 Stillingsprosent: 100% Vikariat, Fast Startdato: 01.08.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 17.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal