Now hiring

Vil du bli vår nye fagingeniør? @ HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

Norway (NO0A1)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

⭐️ Kva med ein jobb der du får både topp moderne teknologi og med storslagen utsikt over sjø og byliv frå sørvestblokka? Vi ser etter ein engasjert fagingeniør til fast stilling i dagturnus. Hos oss vil du jobbe på dagtid, men òg delta i dagturnus med laurdags- og heilagdagsvakter. Desse vaktene fordeler vi jamt mellom bioingeniørane i vaktplanen. Du blir del av eit dyktig og motivert team med godt arbeidsmiljø og tett samarbeid. Hos oss er vi opptekne av å ha det kjekt saman – både på jobb og utanfor. Vi møtest jamleg til sosiale aktivitetar, og kvart år samlast vi til julebord. Skal du flytte for å starte hos oss? Då gjer vi overgangen enklare: Vi dekkjer reise- og flyttekostnader opptil 20 000 kr. Vi betaler husleige dei første seks månadane – opptil 60 000 kr. Er du nyutdanna? Då oppmodar vi deg til å søkje! 👉 Vi kallar inn aktuelle kandidatar til intervju fortløpande – så ikkje vent med å sende søknaden. Kva går jobben ut på? Delta i laboratoriets rutinearbeid, inkludert blodprøvetaking Delta i laboratoriets kvalitets-og forbedringsarbeid Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr Utføra arbeid etter gjeldande prosedyrar og retningslinjer, og halda seg oppdatert på endringar Utføra delegerte arbeidsoppgåver frå fagansvarleg ingeniør Halda seg fagleg oppdatert, delta og bidra på kurs, internundervisning og møte Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Bioingeniør med norsk autorisasjon. Kompetanse og erfaring innan medisinsk mikrobiologi er ein fordel Kunnskap og erfaring innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Det vil bli lagt stor vekt på personlige eigenskapar og vilje til å ta ansvar. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: har motivasjon og engasjement for faget, og trivst med å halde høgt tempo når det trengst samarbeider godt med andre, og både tilbyr og tek imot hjelp når det er behov er påliteleg, strukturert og møter opp når du skal ser kva som må gjerast, og tek tak med nysgjerrigheit og vilje til å finne gode løysingar lærer raskt og tilpassar deg nye arbeidsmåtar trivst i eit tverrfagleg miljø og handterer krevjande situasjonar med ro bidreg til eit godt fagleg og sosialt miljø, der vi støttar kvarandre Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer eit laboratorium og fagområde i utvikling, der du får vere med på å forme framtida ein variert og spennande jobb med oppgåver som gir både læring og meistring For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTiril Knutsen, Funksjonsleiar - Medisinsk mikrobiologi, +47 41441849, [email protected] ArbeidsstadKarmsundsgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5145249277 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores