About this role
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Bykle er vertskommune. Helsetenesta i Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: fastlege, beredskapslegevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familietstøtte. Vi har tre Legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4,5 fastlegestillingar og 2 LIS1-stillingar. Legekontora har 3 sjukepleiarar kvar og er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og labratorium. Arbeidsoppgåvene i Bykle og Valle er varierte og spennande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi mange fleire i høgsesongen. Du vil oppleva varierte oppgåver. Vi ligg 3 timar reiseveg frå sjukehus og mange problemstillingar vert difor løyst lokalt. Kontoret har digitalt røntgenapparat med avtale om tolking av bilde frå spesialisthelsetenesta. Ein del enkle brotbehandlingar skjer hjå oss. Vi har i tillegg utstyr til ultralyddiagnostikk. Kommunane er typiske turistdestinasjonar og det er ein sesongvariasjon med omsyn til populasjon og problemstillingar. Om sumaren er det vanleg at vi er samlokalisert i Bykle helsehus. Vi er et helsesamarbeid, som betyr at du til tider må kunne jobbe både på Hovden, i Bykle eller i Valle. Er du fastlege og ønskjer å jobbe i vakre Setesdal? Bykle og Valle kommune har eit godt etablert helsesamarbeid, og vi søkjer no ein engasjert fastlege til eit vikariat på legekontoret på Hovden. Stillinga er ledig frå 01.09.2026 og varer til 31.08.2027, men vi er fleksible på både start- og stoppdato. Arbeidsoppgaver Varierande allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert daglegevakt Moglegheit for beredskapslegevakt og bakvakt for LIS1 Spennande akuttmedisinske problemstillingar knytt til skadehandtering og liknande Utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av eigne listepasientar Koordinere helsetilbodet til pasientane opp mot andre tenester i primær- og spesialisthelsetenesta. Kvalifikasjoner Norsk autorisasjon som lege Fortrinnsvis spesialist i samfunnsmedisin eller har byrja på spesialisering i samfunnsmedisin Me ynskjer at søkjare utan spesialisering i samfunnsmedisin gjennomfører utdanninga Me ynskjer røynsle frå fastlegearbeid, kommunal fastlegeteneste og/eller samarbeid med spesialisthelsetenesta Har fullført norsk turnes (LIS1) God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg, samt grunnleggjande engelskkunnskapar Førarkort klasse B God digital kompetanse Søkjare som er kvalifisert til sjølvstendig legevakter vil verte føretrekte Personlige egenskaper Stor interesse og engasjement Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Analytisk, strukturert, fleksibel og evne til å tenke heilskapleg Handlekraftig og lojal Oppteke av fagutveklig, endrings- og forbetringsarbeid Systematisk og pålitelig arbeidsstil God klinisk vurderingsevne Du er parat til å dele din kunnskap med, og lære av andre Du er oppteke av eit godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt til dette Personlege eienskaper vil vert lagt vekt på Vi tilbyr Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidarar Hektisk, spennande og utfordrande fastlege- og legevaktjobb Gode samarbeidspartnarar Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med «Nord-Noreg-tillegget» Flott natur med gode friluftsmoglegheiter Storbyliv tre timar køyreveg unna Vi er behjelpelig med å skaffe bustad Andre opplysninger: Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimler fastset i lov, forskrift og avtaler Krav om politiattest ved tilsetjing Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar! KontaktinformasjonBenedicte Severinsen, Kommuneoverlege, 90205152 ArbeidsstadSarvsvegen 31 4754 BYKLE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bykle Referansenr.: 5146522459 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: Bykle kommune som arbeidsgjevar: Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar Vi er ca. 190 tilsette Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett Vi er ei IA-bedrift Om Bykle: Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal Kommunesenteret er lokalisert i Bykle Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000 Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter Det er løpande SFO- og barnehageopptak Avstandar: Bykle - Kristiansand er 18 mil Bykle - Oslo er 29 mil Bykle - Stavanger er 33 mil Bykle - Bergen er 35 mil Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar difor alle som er kvalifisera til å søkje hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnteke offentlegheit, du må grunngje dette skriftleg jf. offentleglova §25. Dersom kommunen ikkje imøtekomer, vil du bli varsla før offentleggjering. Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar.