Now hiring

Avdeling for lærlingar @ FORVALTNING OG STØTTETENESTER

Norway (NO0A2)OnsiteInternshipPosted 68 days ago

Opens on the employer's site

About this role

I Øygarden kommune har vi trygge og gode arbeidsstader. Lærlingane våre får variert og god opplæring, dyktige rettleiarar, nettverksmøte og fagdagar. Arbeidsoppgåver: Service- og kundebehandling Arkiv Personaladministrasjon Økonomioppgåver Kvalifikasjonar: Fullført og godkjent eksamen Vg1, Sal, service og reiseliv og Vg2, Service- og administrasjonsfaget Administrasjonsspråket i Øygarden kommune er nynorsk, søkjarar må beherske dette Øygarden kommune kan også tilby lærlingar full opplæring i bedrift. Det betyr: Søkjarar med Vg 1 kan bli vurdert Vaksne som har erfaring frå faget kan også vere aktuelle Personlege eigenskapar: • Gode samarbeidsevner • Tar ansvar • Open og ærleg • Pliktoppfyllande • Motivert og engasjert i faget • Sjølvstendig • Serviceinnstilt Lærling i Øygarden? - Øygarden kommune Les meir om faget her: https://www.udir.no/lk20/soa03-01 Kontaktperson: Birte Marie Rine Young mail: [email protected] Linda Eli Haugstad mail: [email protected] Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores
Avdeling for lærlingar at FORVALTNING OG STØTTETENESTER | ResuMinder Jobs