Now hiring

Ergoterapeut fast stilling @ GISKE KOMMUNE BARN, FAMILIE OG HELSE

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig ei 100% fast stilling som ergoterapeut frå snarest, og vi ser etter deg som har autorisasjon som ergoterapeut, har engasjement for faget, som har interesse for oppfølging av eldre og som evner å samarbeide på tvers av faggrupper. Dette for å gi best mogleg oppfølging av dei eldre i kommuna vår. Eit av kommuna sine mål er at eldre kan bu lengre i eigen heim med god livskvalitet og difor vil det vere gunstig om du har erfaring med tilrettelegging og oppfølging i heimen. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte med fokus på både forebygging og oppfølging ved funksjonstap. Vi ser etter ein ergoterapeut som trivst med individuell oppfølging, undervisning og ulike gruppetilbud. Vi håper også at vi får tilsett ein ergoterapeut som med sin kunnskap og engasjement har lyst til å påvirke tilbodet til eldre i Giske kommune. Fysio- og ergoterapiavdelinga i Giske kommune har kontor på omsorgssenter på Valderøya og er organisert under eining Barn, familie og helse. Vi har for tida 3,5 årsverk fysioterapeuter samt 2.0 årsverk ergoterapeuter. Hjelpemiddellageret og velferdsteknologi er også organisert i Fysio- og ergoterapiavdelingen. Vi vurderar søknaden din på bakgrunn av den informasjonen du har sendt oss når søknadsfristen har passert. Det er derfor viktig at du i søknaden legger ved relevante vitnemål og attester. Arbeidsoppgåver Ergoterapifagleg kartlegging, oppfølging og veiledning for eldre i team Vurdering og tilrettelegging av bustad Rettleie og søkje hjelpemidlar Ansvar for å være hørselskontakt i kommuna Tverrfaglig samarbeid i team og med andre yrkesgrupper Det kan bli endringar i arbeidsoppgåver ut frå behov. Kvalifikasjonar Autorisasjon som ergoterapeut Relevant yrkeserfaring God digital kompetanse Gode norskkunskapar både munnleg og skriftleg Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid Den som blir tilsett må ha førarkort og kunne disponere eigen bil Gyldig politiattest av ny dato Personlege eigenskapar Er engasjert og løysingsorientert Trives med å jobbe sjølvstendig og i team Har evne til å arbeide strukturert og målretta for å oppnå gode resultat Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Er fleksibel Er fagleg oppdatert og utviklingsorientert Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga også bli vektlagt. Vi tilbyr Løn og tilsetjing på kommunale vilkår og pensjonsordning gjennom KLP Godt arbeidsmiljø med kollegaer med god kompetanse og erfaring Godt tverrfagleg samarbeid i ei utviklingsorientert kommune Moglegheite til å påvirke din egen arbeidshverdag Moglegheite til å utvikle ergoterapitilbudet i Giske kommune Fleksitidordning KontaktinformasjonGitte Myklebust, avdelingsleiar, 95990838 Gretha Giske, einingsleiar, 97028234 ArbeidsstadValderhaug 4 6050 Valderhaugstranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5145076545 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.07.2026 Om arbeidsgiveren: Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores