About this role
Oreteigen søkjer etter vikar for pleiemedarbeidar i 100 % stilling for perioden 01.08.26 til 31.05.27 Oreteigen er ei bueining for eldre med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning som ligg i 2. etg i Gloppen omsorgssenter. i 1. etg er det tolv korttids- og rehabiliteringsplassar, to kommunale akutte døgnplassar og ti plassar på skjerma eining. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Vi har pasientar med mange diagnosar og komplekse sjukdomsforløp som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt. Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg Arbeidsoppgåver Utføre heilskapleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane. Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa Ha fokus på opplæring og fagleg utvilkling Kvalifikasjonar Det er ein fordel med erfaring frå kommunehelsetenesta Må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel Ein som medverkar til eit godt arbeidsmiljø Trivast med endringar og nytenking Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag. Vi tilbyr Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader Det må leverast tilfresstillande politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonEva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527 Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5133249314 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.08.2026 Sluttdato: 30.06.2027 Søknadsfrist: 05.07.2026 Om arbeidsgiveren: Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper. Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.