About this role
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best moglegfunksjons- el. meistringsnivå. Eininga består av Langlobøen aktivitetssenter, 4 bufellesskap, avlastningstiltak, støttekontakter og ROP (rus og psykiatri)-tenester. Vi har ledig vikariat i 100% stilling som fagarbeidar frå 24.08.26 - 22.08.27. Arbeidstid utifrå ei kvar tid gjeldande turnus. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Arbeidsoppgåver Etablere og vedlikehalde gode relasjonar Etablere og vedlikehalde gode rutinar for miljøterapeutisk arbeid Miljøarbeid retta mot barn og vaksne Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne Vere deltakar i å fremme eit godt, trygt og forutsigbart arbeidsmiljø Delta aktivt i fagutviklinga i eining Fagsystema som blir nytta er Profil, Compilo og SamPro Kvalifikasjonar Relevant fagbrev Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav Førarkort kl. B Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan søkjarar utan relevant kompetanse vurderast Personlege eigenskapar Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt. Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester Omgjengeleg og serviceinnstilt Du er ein god rollemodell Vi tilbyr Spennande arbeidsoppgåver i tverrfagleg teneste Tverrfagleg samarbeid Godt arbeidsmiljø St randa kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter. Offenteleg tenestepensjon for nytilsette KontaktinformasjonEspen furset, Fagleiar, 46411075 Stine Fjørstad, Fagleiar, 93474099 Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059 ArbeidsstadKyrkjegata 13 6200 Stranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5146556000 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 24.08.2026 Sluttdato: 22.08.2027 Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt . I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.