About this role
Ynskjer du ein meiningsfull jobb som nattevakt i eit fagleg sterkt miljø? Då håpar me du søkjer hjå oss. Vi yter tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og fritidstilbod. Eplehagen har ledig vikariat som nattevakt i 65% stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar/assistent. Vikariatet har varigheit fram til 15.08.27. Sentrale ansvarsområde: Målretta miljøarbeid Ivareta nødvendig helsehjelp Journalføring Oppfølging av vedtak etter HOL kap. 9 Bidra til eit godt arbeidsmiljø Andre oppgåver ved behov Kvalifikasjonar: Ynskjeleg med 3- årig helse-sosial- eller pedagogiske fag frå høgskule eller vidaregåande opplæring innan helse- og omsorgsfag Fordel med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365 og Visma flyt ressursstyring Beherske norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar: Omsorgsfull Skape tillit til tenestemottakar, kollegaer og pårørande God lagspelar Trygg på deg sjølv og eiga rolle Løysingsorientert og fleksibel Glad i å skape gode resultat saman med andre Spesielle vilkår for stillinga: Den som vert tilsett må leggje fram: Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato Politiattest av ny dato Me tilbyr: God opplæring og støtte Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar Gode velferdsordningar Løn etter tariff Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837