Now hiring

Helsesekretær @ HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer autorisert helsesekretær i 100 % fast stilling. Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø? Vi søkjer no ein autorisert helsesekretær til fast stilling i 100 %. Som helsesekretær hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med både pasientkontakt og administrative oppgåver. Stillinga gir gode høve til fagleg utvikling i eit inkluderande og profesjonelt miljø. Medisinsk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretæroppgåver for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk avdeling, revmatologisk avdeling, kreftavdelinga og fysikalsk medisinsk poliklinikk. Vi ser fram til å høyre frå deg. Send oss søknad med oppdatert CV. Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær – og kva som gir jobben hennar meining og verdi. Arbeidsoppgåver Mottak og oppfølging av pasienter Kliniske oppgåver etter kvalifikasjonar Administrative opgåver som timebestilling Telefonbetening Arbeid i elektronisk pasientsystem (DIPS Arena) Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsesekretær Erfaring fra liknande arbeid er ein fordel Gode IT-kunnskapar Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Serviceinnstilt og imøtekommande Strukturert og ansvarsbevisst Gode samarbeidsevner Evne til å handtere ein hektisk arbeidsdag Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Spennande og utfordrande jobb Meningsfullt arbeid som gir høve til personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonBelvira Omic, Seksjonsleiar, (+47) 995 91 403 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5145975071 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores