Now hiring

Tannpleiar @ SOGNDAL TANNKLINIKK

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Sogndal tannklinikk får ledig 100% fast stilling som tannpleiar frå sommaren 2026. Me flyttar inn i nye lokaler og skal derfor utvide drifta vår. Håpar at du vil søke! Sogndal ligg vakkert til ved Sognefjorden, omgitt av fjord, fjell og brear. Bygda er eit naturleg regionssenter i Indre Sogn og er kjend for: aktivt studiemiljø og levande lokalsamfunn gode tilbod innan kultur, idrett og friluftsliv korte avstandar og trygg kvardag unike moglegheiter for turar sommar og vinter Sogndal er eit godt val for deg som ønskjer å kombinere fagleg arbeid med høg livskvalitet. Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar. Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland. Arbeidsoppgåver Som tannpleiar hos oss vil du mellom anna: jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer utføre klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar halde deg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drifta av klinikken. Kvalifikasjonar Du har norsk autorisasjon som tannpleiar Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar er ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø arbeider systematisk og planmessig har interesse for fagleg utvikling – og deler gjerne kunnskapen din med andre. Vi tilbyr ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse løn etter gjeldande tariff gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar. KontaktinformasjonDorte Grønsberg, klinikkleiar (tannlege), [email protected] ArbeidsstadLunnamyri 6856 Sogndal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5099297443 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores