About this role
Helsefagarbeidar – fleire faste stillingar ved Seljetunet Vil du ha meir samanhengande fritid, påverke eigen turnus – og jobbe ein stad der innspela dine blir tatt på alvor? Vi har no fleire ledige faste stillingar som helsefagarbeidar ved Seljetunet – og vi vil gjerne ha deg med på laget! Dette får du hos oss Langvakter frå desember → meir fri, færre oppmøte Fleksibel turnus (årsarbeidsplan) Moglegheit til å påverke eiga arbeidstid og turnus Inntil 10 % frie timar – jobb ekstra når det passar deg Moglegheit for fleire helgar i turnus mot ekstra kompensasjon Sommaravtale med ekstra kompensasjon Eit miljø der vi testar nye løysingar og tenkjer nytt Ein jobb med meining – og utvikling Hos oss jobbar du tett på menneske – og får brukt både fagkunnskap og personlege eigenskapar kvar dag. Du blir ein del av eit fagmiljø som: - Satsar på utvikling og kvalitet - Ønskjer nye idear frå tilsette - Gir deg moglegheit til å påverke Er du lærling og snart ferdig, eller ønskjer du fagbrev? Hos oss legg vi til rette for at du kan ta fagbrev på jobb! Om arbeidsplassen Seljetunet gir tenester til bebuarar i institusjon og bufellesskap. Vi har: 47 plassar totalt 31 langtidsplassar i institusjon 16 bemanna omsorgsbustader Eigne tilbod innan korttids- og avlastingsopphald Vi har også eige institusjonskjøkken og eit sterkt fokus på gode kvardagar for bebuarane våre. Kven er du? Du er helsefagarbeidar – eller ønskjer å bli det Du likar å jobbe med menneske Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på Du ønskjer ein jobb der du kan utvikle deg Arbeidsoppgåver Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer Samarbeid med pårørande Tverrfagleg samarbeid Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart Kvalifikasjonar Offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar Er du lærling oppfordrar vi deg til å søkje Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl. B Personlege eigenskapar Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid Tek initiativ og ansvar Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø Fokus på etikk Vi tilbyr Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Årsturnus der 10 % av stillinga kan vere frie timar. Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg), og i vekedagane for lengre friperiodar Gode pensjons- og forsikringsordningar Flyttegodgjersle Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. KontaktinformasjonStine Fylling, Avdelingsleiar Seljetunet, 98482449, [email protected] Heidi Munch Starheim, Einingsleiar, 48045210, [email protected] Arbeidsstad 6740 Selje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5146533865 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.07.2026 Om arbeidsgiveren: Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! www.nordfjord.no/stad www.hjartestad.no