About this role
Midt-Telemark kulturskole er organisert under eining for kultur og fritid. Det er omlag 6 årsverk i ulike stillingsprosentar knytt til kulturskolen som tel rundt 400 elevplassar. Midt-Telemark kulturskole har hatt ei positiv utvikling gjennom fleire år. Rektor i kulturskolen er næraste overordna. Kulturskolen er lokalisert i Gullbring kulturhus og på Gvarv skole. Midt-Telemark kulturskole gir tilbod om musikk, dans, visuell kunst og teater. Midt-Telemark kulturskole samarbeider tett med dei friviljuge laga innan kulturfeltet som korps, spelemannslag og kor. Arbeidsoppgåver Undervisning i folkedans i 1-2 grupper Undervisning i Gullbring i 1-2 grupper og en på Evju bygdetun Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Kunne danse gangar, springar og litt halling Ha innsikt og kunnskap om Telegangar og springar Ønska kompetanse Søkjar må ha gode ferdigheitar sjølv i danseformene det skal undervises i Søkjarar både med formell kompetanse eller realkompetanse innen folkedans vil bli vurdert for stillinga Det er ein fordel med pedagogisk kompetanse, men ikkje eit krav Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Kulturskolelæraren må : Kunne jobbe sjølvstendig Ha gode evne til samarbeid/samhandling både med folkemusikklaga og kulturskulen Kunne meistre kommunikasjon med både foreldre og elevar Innordne seg kulturskolen sitt verdigrunnlag Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonGuri Røsok, Kulturskolerektor, +47 99391171 ArbeidsstadGullbringvegen 34 3800 Bø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5147254958 Stillingsprosent: 10% Fast Startdato: 03.09.2026 Søknadsfrist: 06.07.2026 Om arbeidsgiveren: I staben (den sentrale administrasjonen) jobbar me for heile kommunen. Me er tre einingar som ivaretek oppgåver innan personalforvaltning, kommunikasjon, service, arkiv, politisk sekretariat og økonomiforvaltning. Kultur og fritid er også organisatorisk plassert i staben. Staben er i hovudsak ein tilretteleggar, rådgjevar og støtte til leiarane i rolla deira. Me skal sørgje for gode arbeidsprosessar, system, retningslinjer ol., og bidra til å sikre god medråderett mellom tilsette og kommunen som arbeidsgjevar. Me har også ansvar for informasjon og dialog med innbyggjarane gjennom ma. heimeside og sosial medie. Staben blir leia av kommunedirektør og held til i kommunehuset i Bø. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.