About this role
Vi søkjer etter 3. års sjukepleiestudentar for tilsetting i inntil 25% midlertidig stilling som pleieassistent med binding til sommaren 2027. Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg (fredag - søndag / lørdag - søndag), og i tillegg 5 veker sommaren 2027 som offentleg godkjent sjukepleiar i 100% stilling. Helse Førde har bonusordningar for jobb 3. kvar helg frå haust 2026 til sommar 2027 og for 5 veker arbeid sommaren 2027. Bonusordningane blir fastsett januar/februar 2027. Dei siste åra har størrelsen vore kr 25.000,-. Oppstart stilling: september 2026 eller etter avtale med leiar på aktuell post. Stillingsprosent: 16 - 25 Ber om at søkjar spesifiserar kva post som er ønskjeleg. Nokre avdelingar kan tilrettelegge for langvakter - sjå merka med ( * ) Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje, men vil ikkje kvalifisere for bonus og har ikkje bindingstid sommaren 2027. Kontaktinformasjon seksjonsleiar på aktuelle avdelingar: Lærdal Medisinsk sengepost, Marit Fossheim Ottersen- (47) 970 10 819 ( * ) Nordfjord Medisinsk sengepost, Maria Charlotta Berg Langvik - (47) 416 48 264 ( * ) Førde Medisinsk sengepost 1, Magnus Jarl Midtvoll ( 47) 57839306 / 40729970 ( * ) Medisinsk sengepost 2, Anne Mari Indrebø - ( 47) 57839411 / 90920435( * ) Ortopedisk sengepost, Håvard Nesse Røneid - (47) 99602854 ( * ) Sengepost, barn og unge, Jorunn Sollid - (47) 99293641 Kirurgisk sengepost, Linn Beate Årnes -(47) 95206487 Kreft sengepost, Ida Juklestad - (47) 578 39313 / 91136864 ( * ) Nevrologi og Rehabilitering sengepost, Sirianne Pidic- (47) 57839143/92499376 ( * ) Føde/gyn/barsel, Beathe Salbu Håkonsen - (47) 57839588 / 90829220 Arbeidsoppgåver Utføre pasientretta oppgåver som assistent inntil autorisert sjukepleiar Jobbe som autorisert sjukepleiar sommaren 2027 dersom det er ønskjeleg Kvalifikasjonar 3.års sjukepleiarstudent Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje Personlege eigenskapar Ha gode samarbeidsevner Vere fleksibel Takle tidvis høgt temp Vere engasjert Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Kr 25.000,- ved binding sommaren 2027 Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein lærerik og utviklande arbeidsstad Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø Får starte sjukepleiarkarriera på ein arbeidsstad ein allereie er kjent Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSjå kontaktinformasjon ovanfor ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5133551166 Stillingsprosent: 25% Vikariat Søknadsfrist: 14.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.