About this role
Omtale av stillinga Ved Omvikdalen skule er det ledig vikariat som fagarbeidar/assistent skuleåret 2026/2027. Stillingsprosent: 40%, lønsprosent 35,6% fordi stillinga føl skuleruta (auke i stillingsprosenten kan skje) Arbeidet vil vera i SFO-tid på ettermiddag. Arbeidsoppgåver Oppfølging og støtte av barn/enkeltelevar/grupper Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar SFO Kvalifikasjonar Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge Personlege eigenskapar Du er ein god rollemodell og ein trygg og tydeleg vaksen Du er sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeida i team Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette Du er løysingsorientert, strukturert og fleksibel Du deltek aktivt ilag med borna, både inne og ute Du har høg relasjonskompetanse Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilbyr Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet . Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)