Now hiring

100% fast stilling som miljøarbeidar @ MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 studieplassar fordelt på utdanningsprogramma: studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknologi- og industrifag (TIF) og YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde kurs for maritim sektor. ArbeidsoppgåverOppfølging, rettleiing og støtte for elevar i og utanfor undervisning i samarbeid med lærarar og avdelingsleiar.Kvalifikasjonar Fagbrev innan restaurant og matfag og/eller helse/barne- og ungdom eller anna relevant utdanning Du trivst med, og har erfaring frå arbeid med barn/unge med spesielle behov Personlege eigenskaparVi er på utkikk etter deg som er raus og omsorgsfull og som har evne til å skape gode relasjonar til elevane. Du som er tålmodig, men som også kan vere bestemt og strukturert. Du som er fleksibel og likar å jobbe i ein til tider hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver. Vi tilbyrVi tilbyr interessante og utfordrande arbeidsoppgåver. Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege og utviklingsorienterte kollegaer. Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland Fylkeskommune sin lønspolitikk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. KontaktinformasjonHelen Hjertaas, avdelingsleiar, 41530832, [email protected] ArbeidsstadNordfjordvegen 9109 6718 Deknepollen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5146601825 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores