About this role
Ved Herøy vidaregåande skule er det ledig 100% vikariat som avdelingsleiar med moglegheit for fast tilsetting. Vi søkjer etter avdelingsleiar med ansvar for elevtenesta og fellesfag. Vi søker ein tydeleg og utviklingsorientert leiar med gode relasjonsferdigheiter. Som avdelingsleiar inngår du i rektor si leiargruppe. Du vil ha personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar og vere ansvarleg for avdelinga si faglege utvikling. Du har ein åpen, inkluderande og samarbeidande leiarstil, er oppteken av å skape godt læringsmiljø og gode læringsresultat for skolen sine elevar, og du kan stille deg bak skolen si pedagogiske plattform. Den som blir tilsett må vere motivert for utviklingsarbeid og vere budd på endringar, både i eigen portefølge og organisatorisk. Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk Helse- og oppvekstfag Naturbruk Restaurant- og matfag Teknologi- og industrifag Herøy vgs er også privatistskule for Søre Sunnmøre. Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer. Arbeidsoppgåver Avdelingsleiar for elevtenesten og fellesfag. Personalansvar for eiga avdeling. Skoleadministative oppgåver. Vikararbeid. Skoleårsplanlegging i samarbeid med øvrig leiargruppe. Oppgåver knytt til økonomistyring og løn. Andre avdelingar og oppgåver kan verte tillagt stillinga ut i frå kompetansen til den som vert tilsett. Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som: Har høgare relevant utdanning og pedagogisk kompetanse. Har leiarerfaring og helst leiarutdanning. Har kunnskap om vidaregående opplæring. Har god skriftlig og muntlig kommunikasjonsevne. Har god digital kompetanse. Har gode kommunikasjonsevner med evne til å skape gode relasjoner og engasjement. Er løysingsorientert, strukturert, effektiv og handlekraftig. Er genuint opptatt av eleven si læring og utvikling. Svært relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskrav. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Personlege eigenskapar Den vi søkjer har: God relasjonskompetanse Er tydeleg, og har god formidlingsevne, både munnleg og skriftleg Har kunnskap og erfaring frå organisasjonar med administrativ og fagleg kompleksitet Er serviceinnstilt, og har gode samarbeidsevner Er ein lagspelar, men jobber også godt sjølvstendig Har evne til å arbeide analytisk og strukturert Er fagleg trygg og likar å vere ein synleg ambassadør på ditt fagområde Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling Ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring Løns og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk. KontaktinformasjonTore Tangen, Rektor, +47 95933931 ArbeidsstadLisjebøvegen Fosnavåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5141101281 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.07.2026 Om arbeidsgiveren: Om skolen (heroy.vgs.no) | Utdanningstilbod (heroy.vgs.no)