About this role
Vi søkjer etter tilkallingsvikar for brukarstyrt personleg assistent til ein brukar med fysisk funksjonshemming. Arbeidet er allsidig og variert, og består av enkel personleg og praktisk bistand i daglege gjeremål. Brukaren kan også trenge bistand ved fritidsaktiviteter. Det er brukaren sjølv som er arbeidsleiar i ordninga. Arbeidstid vert etter avtale. Arbeidsoppgåver Arbeidet er allsidig og variert, og består av enkel personleg og praktisk bistand i daglege gjeremål. Brukaren treng også bistand ved fritidsaktiviteter. Det er brukaren sjølv som er arbeidsleiar i ordninga. Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid. Kvalifikasjonar Det er ikkje krav om formell utdanning, men det er ønskeleg med relevant erfaring Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting Du må ha førarkort klasse B Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar vert avgjerande i tilsettinga. Opplæring vert gitt av arbeidsleiar, og det er også høve til å delta på opplæringskurs. Tilsette får tilbod om rettleiing. Den som vert tilsett må vere påliteleg, allsidig, fleksibel, omsorgsfull, og ha evne til å arbeide sjølvstendig men også i team. Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Vi tilbyr Eit godt arbeidsmiljø Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode forsikrings og pensjonsvilkår: Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon . Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing. Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1 - Stillingar utan særskilt krav til utdannng Stillingskode 6572 assistent Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk. Dokumentasjon Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar. Om offentleglova Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. KontaktinformasjonNina Ulstein, Avd.leiar heimetenester vest, 953 60 759, [email protected] ArbeidsstadRådhuset 6153 Ørsta Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5144705607 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 03.07.2026 Om arbeidsgiveren: Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen. Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar: Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap Heiltidskultur og inkludering Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.