Now hiring

Teknikar til Settefiskanlegg (RAS) på Trovåg @ BREMNES SEASHORE AS AVD SETTEFISK TROVÅG

Norway (NO0A1)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Arbeidsoppgåver Hos oss vil du få ei variert og praktisk rolle med ansvar for: Drift og vedlikehald av anlegg Feilsøking og handtering av tekniske problem Deltaking i planlagde prosjekt Aktiv deltaking i den daglege drifta Rapportering og systematisk journalføring Arbeidet inngår i ei turnusordning Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: Teknisk fagbrev (t.d. automasjon, elektro, mekanisk eller liknande) Relevant arbeidserfaring frå tilsvarande arbeid Sterkt fokus på HMS og kvalitetsarbeid Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Kven er du? For å trivast i rolla trur vi at du: Er arbeidsam, strukturert og sjølvgåande Evnar å prioritere godt – både i hektiske og rolege periodar Er engasjert, løysingsorientert og har ei positiv innstilling Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og spelar andre gode Kvifor velje oss? Hos oss får du: Ei spanande rolle i ein bransje i sterk utvikling Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling Konkurransedyktige vilkår Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilgang til firmahytter i Røldal, Voss og Spania Om arbeidsgiveren: Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med omlag 450 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår. Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores