About this role
Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande. Det er ledig vikariat som sjukepleiar i 100 % stilling frå 17.08.2026. Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus. Kvifor velge oss: Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag. Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette God variasjon i oppgåver og utfordringar Fokus på trivsel og arbeidsglede Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling Muligheit for vidareutdanning med støtte God fastløn Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige heilt eller delvis for ein tidsavgrensa periode Bruk av tilleggsansiennitet, minimum 10 år, kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak Gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeidsoppgåver Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarane Sjukepleiefagleg ansvar Legge til rette for godt samarbeid mellom brukarar, pårørande og kollegaer Tverrfagleg samarbeid Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving Kvalifikasjonar Autorisert sjukepleiar Må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, tilsvarande nivå B2 Gode datakunnskapar og kjennskap til velferdsteknologi Førarkort Evne til å halde seg fagleg oppdatert Personlege eigenskapar blir vektlagt Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan helsefagarbeidar eller ufaglærte bli vurdert for tilsetjing. Personlege eigenskapar Gode kommunikasjonsevner Sjølvstendig og målretta Evne til å samarbeide godt med andre Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer Trygg og omsorgsfull Positiv og løysingsorientert Fagfokusert Likar utfordringar Vi tilbyr Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. KontaktinformasjonElisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183 ArbeidsstadHellesyltvegen 17 6218 Hellesylt Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5147703165 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 03.07.2026 Om arbeidsgiveren: Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt . I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.