About this role
Omtale av stillinga Til Kvinnherad kommune si avdeling «Kulturarena» vert det søkt etter avdelingsleiar. Avdelinga har to lokasjonar som skal drivast saman; Kulturhuset Husnes og Kvinnherad Arena. Kulturhuset Husnes driv kulturproduksjon med arrangement, kino og servering i lokale i Husnes sentrum. Kultursenteret skal vere eit kommunalt og regionalt kraftsenter for kunst og kultur og ein attraktiv arena for møte, kurs, konferansar og seminar. Kvinnherad Arena er kommunen si nye kulturelle storstove, ein stor og variert idrettsarena både for breidde- og toppidrett og ein viktig arena for opplæring. Avdelingsleiaren vil ha ansvar for utvikling og drift slik at tilboda får spela ei rolle i barn, unge og vaksne sine liv. Næringslivet skal òg dra nytte av våre fasilitetar, og vidareutvikling skal skje i godt samspel med aktørar innan kultur og idrett i kommunen. Kommunen sine kulturtenester vart nyleg samla i Eining kultur . Avdelingsleiaren skal delta i vidare prosess og bidra til å forme morgondagens tilbod og løysingar. Det kan såleis koma endringar i ansvarsområde, oppgåver og stillingstittel som følgje av dette. Avdeling Kulturarena skal tilby: kroppsøvingslokale for skuleelevar og barnehagebarn i området arrangementsstader for, og i samarbeid med, lag, foreiningar og næringsliv sosiale møteplassar og viktige brikker i barns oppvekstvilkår oasar for fysisk og kulturell utfalding for barn og vaksne arrangement, film og kino kulturelle storstover fasilitetar både for breiddeidrett og utvikling av toppidrett ressursar for kommunale tenester elles Avdelingsleiar skal omsetja måla til praktisk handling og har ansvar for den daglege drifta. Sentrale arbeidsoppgåver vil vere: personalansvar for ca. 10 medarbeidarar i ulike stillingsstorleikar ansvar for planlegging, programmering og gjennomføring av tilboda budsjettering, økonomi- og rekneskapsoppfølging og rapportering halde god kontakt med brukarar, samarbeidspartnarar og fagmiljø sørge for god marknadsføring og at vertskapsrolla vert teke i vare bygge aktivitet som t.d. kultur- og idrettsarrangement, møte, konferansar og formidling koordinere med andre kommunale tenester vidareutvikle aktivitetar, organisering og lokale bidra til positivt og godt samarbeid med kultursjef og dei andre avdelingsleiarane i eining kultur Ønskte kvalifikasjonar: relevant høgare utdanning eller fagkompetanse innan til dømes lyd – og/eller lysproduksjon/styring arbeidserfaring innan drift av kulturhus, kino, idrettsanlegg kjennskap og erfaring frå lokalt kulturliv og idrettsrørsle erfaring med fag- og personalleiing innsikt i økonomiske tilhøve gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner, både norsk og engelsk, og skriv godt nynorsk førarkort klasse B Ønskte personlege eigenskapar: stort engasjement og sterk motivasjon ein god relasjonsbyggjar, diplomatisk og sterk på samarbeid kreativ, løysingsorientert og ansvarsfull sterkt motivert for denne typen arbeid, og fleksibel når det gjeld arbeidstid Vi tilbyr tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML ei sjølvstendig,spanande og utfordrande stilling pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø dekning av flytteutgifter etter nærare reglar gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø fleksibel arbeidstid løn etter kvailifikasjonar og avtale ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet . Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)