Now hiring

Ulveset skule @ ULVESET SKULE

Norway (NO0A2)OnsiteFull-timePosted 14 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Om avdelinga: Ulveset skule er ein barneskule med om lag 370 elevar, fordelt på 16 klassar. Vi har om lag 50 tilsette. Skulen er ein nynorskskule og har undervisning både på nynorsk og bokmål. Våre satsingsområde er lesing og trygt og godt læringsmiljø. Vi held til vest på Sotra, ca 30 minutt køyring til Bergen sentrum. Arbeidsoppgåver: Vera ein del av leiarteamet ved skulen Leia pedagogisk utviklingsarbeidet Personalansvar Administrative oppgåver knytt til dagleg drift Samarbeid etter BTI- modellen til kommunen Stillinga har for tida tillagt 25% undervisning Vikaransvar Rettleiing av personalet Kvalifikasjonar: Må ha: Godkjent lærarutdanning og erfaring frå undervisning i grunnskulen God systemforståing og digital kompetanse Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Ønskjeleg med: Leiarutdanning, eller ønskje om å ta slik utdanning Erfaring med utviklingsarbeid Erfaring som skuleleiar Eigenskapar: Gode relasjonelle ferdigheiter, med evne til å samarbeida, lytta , rettleia, motivera, inspirera og setje grenser God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine Systematisk, strukturert og målretta God arbeidskapasitet, robust og i stand til å handtera mange oppgåver samstundes Evne til å arbeida både sjølvstendig og i team Løysingsorientert, fleksibel og utviklingsorientert Evne til å skapa og utvikla gode relasjonar til tilsette, elevar og føresette Tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen Evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere Vi tilbyr: Ei spanande mellomleiarstilling i ein skule med godt arbeidsmiljø, høg trivsel og eit personale som vil kvarandre vel Gratis kaffi/te på jobb Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte, kunnskapsrike og trivelege kollegaer Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt: Cecilie Mikkelsen Dahl, rektor Ulveset skule, telefon: 48296987, epost: [email protected] Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Ulveset skule er ein barneskule som ligg vest på Sotra i Øygarden kommune. Sotra er ei langstrakt øy som ligg i Vestland fylke, like vest for Bergen.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores — free
Ulveset skule at ULVESET SKULE | ResuMinder Jobs