Now hiring

Pedagogisk leiar i Stordal barnehage @ STORDAL BARNEHAGE

Norway (NO0A3)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord kommune har ledig eit 100 prosent vikariat som pedagogisk leiar i Stordal barnehage frå 1. august og ut året. Kan vere aktuelt å forlenge utover våren 2027. Stordal barnehage ligg sentralt til i bygda Stordal med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen har pr. i dag 9 tilsette (assistent, barne- og ungdomsarbeidarar, ped.leiarar og styrar) + lærling fordelt på 28 barn. Alle barn i Stordal barnehage skal oppleve tryggleik og inkludering i barnehagen. Barna skal verte lytta til og takast på alvor. Barnehagen har to avdelingar - Rådyrskogen for barn i alderen 3 - 6 år, og Eplehagen for barn i alderen 0 - 3 år. Stordal barnehage er heilt ny og vart opna hausten 2019. Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen til barna. Barnehagen skal hjelpe til med å gi barna ei god oppseding i samsvar med kristne grunnverdiar.Barna skal føle seg sett, høyrt og likeverdige. Barna skal oppleve barnehagen trygg og inkluderende. Barna skal oppleve vennskap og samhald. Barna skal lære seg å ha respekt for kvarandre, og verdsette dei likheiter og ulikheiter som finst i barnehagen Oppstart snarast muleg eller etter avtale. Søkjarar vert kalla inn til intervju NB: Ved intern tilsetting er vi interessert i søkjarar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent. Arbeidsoppgåver Pedagogisk leiar ha ansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt fagleg skjønn. Veileding og sørgje for at barnehageloven og rammeplan oppfyllast Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa. Skape ein barnehagekvardag med rom for fordjuping i temaarbeid Medansvar i arbeidet med HMS Ta imot og gi pedagogisk veileding Tilretteleggje for samarbeid med føresatte og gjennomføring av samtale og møter. Ansvar for IUP-arbeid til barn på avdelinga som har vedtak Kvalifikasjonar Barnehagelærar eller anna 3-årig pedagogisk høgskoleutdanning med årsstudium i barnehagepedagogikk. God datakunnskap og har erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy Må kunne norsk godt munnleg - kommunen har nynorsk som målform. Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding Personlege eigenskapar Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide Du har erfaring frå fagområdet, arbeide målretta og engasjere andre. Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt. Du har positiv innstilling og godt humør Du har god digital kompetanse Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie Vi tilbyr Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette Barnehagelærar får lønn lik 10 års ansiennitet eller meir Pedagogisk tilllegg er per dd. 25 000 NOK. Lønn i samsvar med avtaleverk Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot KontaktinformasjonDiana Helland, Styrar Stordal Bhg., +47 41867896 ArbeidsstadStordalsveien 550 6250 Stordal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord kommune Referansenr.: 5147614807 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.08.2026 Søknadsfrist: 05.07.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal. Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus. Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores