About this role
Sykkylven kommune har ledig 100 % fast stilling som økonomirådgjevar for snarleg tiltreding. Vil du bidra til god styring, effektiv ressursbruk og utvikling, så kan dette vere stillinga for deg. Som økonomirådgjevar vil du få varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Du vil samhandle med alle delar av organisasjonen, einingsleiarar og kommuneleiing. Stillinga rapporterar til økonomisjef. Økonomiavdelinga har til saman 4 stillingar. Arbeidsoppgåver Støtte leiarar med økonomisk analyse, rapportering og rettleiing Innkjøpsrådgjeving og ha systemansvar for innkjøpsløysinga Deltaking i budsjettarbeid, økonomioppfølging og analysere avvik Prosjektarbeid Tilgangsstyring til kommunens ERP-system (Visma) Bidra i øvrige oppgåver innan økonomiavdelinga Kvalifikasjonar Minimum bachelorgrad eller tilsvarande innan økonomi. Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet Erfaring frå budsjett- og rekneskapsarbeid, og gjerne innkjøpsarbeid er ønskeleg Gode IKT kunnskapar Erfaring frå kommunal sektor vil vere ein fordel God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Personlege eigenskapar Evne til å jobbe målretta, strukturert og utviklingsorientert Evne til å tenkje heilheit og sjå samanhengar på tvers av ansvarsområde Engasjert og løysingsorientert Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Ei meiningsfull og samfunnsnyttig stilling med moglegheit til å påvirke og vidareutvikle kommunen Ei stilling med høg grad av sjølvstende og moglegheit for fagleg utvikling Eit aktivt arbeidsmiljø med engasjerte arbeidskollegaer Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Lønn etter avtale Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonJohn Henrik Welle, Økonomisjef, +47 93406255, [email protected] ArbeidsstadKyrkjevegen 62 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5147642714 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.07.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her