About this role
Vil du vere med å styrkje fellesskap og skape gode møteplassar? Årdal kommune søkjer ein engasjert og initiativrik medarbeidar til ei fast og variert 100 % stilling som leiar for frivilligsentralen på Årdalstangen. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å gjere ein forskjell i lokalsamfunnet. Du vil ha ei sentral rolle i å bygge fellesskap, skape aktivitet og bidra til trivsel for både unge og vaksne. Du får ein jobb med meining og stor påverknad der ingen dagar er like. Du får forme rolla di sjølv og du blir ein nøkkelperson i lokalsamfunnet. Dette vil du jobbe med: rekruttere, koordinere og følgje opp frivillige og bidra til å styrkje frivillig engasjement i lokalsamfunnet utvikle og legge til rette for aktivitetar og møteplassar samarbeide med lag, foreiningar, næringsliv og kommunen bidra til eit inkluderande og positivt miljø for ungdom synleggjere aktivitetar gjennom bruk av sosiale medium ha eit særskildt fokus på frivilligheit inn mot omsorgstenesta i kommunen søknads- og rapporteringsarbeid økonomi- og budsjettansvar Kven er du? du likar folk – og folk likar deg du tek initiativ og får ting til å skje du er like komfortabel med ungdom som med vaksne og eldre du ser moglegheiter der andre ser «det går ikkje» du er strukturert nok til å få oversikt – og fleksibel nok til å snu deg rundt er ein god relasjons og nettverksbyggjar kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg du har kjennskap til og erfaring frå frivillig sektor Kva treng du? relevant utdanning er fint – men erfaring og engasjement veg og tungt og kan erstatte manglande formell utdanning du må ha god digital kompetanse du må kunne jobbe ettermiddag/kveld førarkort plettfri politiattest er eit krav Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me tilbyr ei spennande og meiningsfull stilling med stor variasjon i arbeidsoppgåver moglegheit til å forme eigen arbeidskvardag eit godt og inkluderande arbeidsmiljø løn etter avtale og gode personal og pensjonsordningar tilgang til bedriftshytte på Skeikampen Velkommen som søkjar til Årdal kommune! Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram. Velkomen til oss i Årdal !