Now hiring

Einingsleiar ved Giske skule @ GISKE SKULE

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Stillinga som einingsleiar og rektor ved Giske skule er ledig frå hausten 2026 i samband med at rektor går over til rektorstilling på anna skule. Giske kommune søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert rektor som vil leie skulen si vidare utvikling med fokus på eleven si læring og trivsel. I Giske kommune har vi samla oppvekstsektoren i ei felles retning for tidleg innsats og ein inkluderende praksis. «Det var bra eg kom» er visjonen for ein oppvekst i Giske kommune, med utgangspunkt i barnet sitt møte med barnehage og skule. Er du klar for ei ny og spennande utfordring? Kan du jobbe målretta og rasjonelt med barn og ungdom? Ser du på elevar, foreldre og tilsette som ein ressurs i lærings- og utviklingsarbeidet? Då kan det hende du er den vi søkjer. Giske skule arbeider for ein inkluderande skulekvardag der elevane opplever meistring, fellesskap og medverknad. Skulen har fokus på praktisk, variert og aktiv læring, mellom anna gjennom uteskule, leik og fysisk aktivitet. Lesing, skriveglede og bruk av skulebiblioteket er viktige delar av arbeidet med å skape lærelyst og gode læringssituasjonar. Personalet utviklar praksis gjennom profesjonsfellesskap, refleksjon og systematisk arbeid med sosial kompetanse, livsmeistring og elevane sitt læringsmiljø. Grunnleggande prinsipp for Giskeskulen er: barnet/ungdommen er i sentrum ønska elevrolle er utgangspunkt for lærar- og leiarrollene læring er sosial med fokus på samarbeid barnet/ungdommen sin motivasjon og emosjonar er vektlagd vi anerkjenner forkunnskap og individuelle forskjellar barnet/ungdommen blir utfordra utan å verte overbelasta vi planlegg for samanheng på tvers av fagområde aktivitet/grupper i og utanfor eininga Giske skule er lokalisert på Giskeøya og er ein 1-7 skule med rundt 85 elevar og 30 barn i SFO. Visjonen til skulen er "Ein god stad å vekse" med følgande viktige nøkkelord: læring, samarbeid, undring og raus. Skulen har eit dyktig og stabilt kollegium som er vane med å samarbeide til det beste for eleven og fellesskapet. Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det lagt vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga. Verdt å merke seg når du søker Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden. Du lastar opp dokumenta i Webcruiter. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga. Søknaden vert vurdert ut frå søknadsbrev og vedlagt informasjon og dokumentasjon. Søknadsbrevet bør tydeleg skildre kvifor du søker stillinga, og korleis dine kvalifikasjonar og erfaringar oppfyller krav og kriteria i utlysinga. Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato. Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk. Løn etter avtale og kvalifikasjonar – god pensjonsordning i KLP. Arbeidsoppgåver Fagleg, økonomisk og administrativt ansvar i samsvar med tildelte fullmakter, dette inkluderer personalansvar og HMS-ansvar Ta del i heilskapleg og strategisk utvikling av oppvekstsektoren i Giske kommune Kvalitet- og internkontroll Involvere og inkludere elevar, tilsette og foreldre i å utvikle skulen og oppvekstsektoren i tråd med sentrale og lokale styringssignal Vidareutvikling av eit profesjonsfellesskap som vektlegg dynamisk tenking, analyttisk tilnærming og kunnskapsbasert praksis Ta aktivt del i oppvekstsektoren si leiargruppe og i kommunedirektøren sitt leiarforum Tverrfagleg arbeid Byggje kapasitet for utvikling og endring i eit inkluderande læringsmiljø Systematisk samarbeid med tillitsvalde og verneteneste Kvalifikasjonar Høgare relevant pedagogisk utdanning frå universitet / høgskule Rektorutdanning og/eller relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år. Erfaring frå undervisning og relevant leiarerfaring Kunnskap om økonomistyring og administrativt arbeid Kunnskap om relevant lovverk og oppdatert kompetanse på pedagogisk utviklingsarbeid God digital kompetanse God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne Førarkort og kunne disponere eigen bil i tenesta Personlege eigenskapar Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiarteamet sitt legg til rette for at andre skal få realisere potensialet sitt for utvikling og læring Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse Evne til å arbeide ryddig og strukturert, ta initiativ og gjennomføre godt Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar Vi tilbyr Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring Tett samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente leiarar innan oppvekstområdet, i kommunen sitt tverrfaglege leiarforum og elles i Giske kommune Giske kommune sine verdiar er: Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling Løysingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet Engasjement - gjennom meiningsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkobinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester. KontaktinformasjonÅse Elisabeth Skjærseth, kommunalsjef, +47 98431522 ArbeidsstadSkulevegen 67 6052 GISKE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5147815715 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.07.2026 Om arbeidsgiveren: Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores